Hopp til innhold

Mona leiger ut stabburet til turistar

Kvar veke kjem turistar for å overnatte i stabburet til Mona Torhus. Ho meiner fleire i distrikts-Noreg burde tenkje på same måten. Det gjer også Innovasjon Norge.

Mona Torhus

Mona Torhus får mange gode tilbakemeldingar frå turistar som overnattar på stabburet. Her er ho saman med Sunniva og Alexandra.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Heime på småbruket hos Mona Torhus på Hovdenakken utanfor Molde, ventar familien besøk av framandfolk om nokre timar. Gjestane frå Belgia har bestilt overnatting gjennom Airbnb og skal ligge på stabburet.

Torhus og ektemannen Roy Dyrhaug starta utleige i fjor sommar, og no er dei rutinerte utleigar, som har alt under kontroll.

– Då vi pussa opp stabburet i fjor vår, tenkte vi at det var litt for dumt å ha det ståande utan å bruke det så mykje. Vi fekk ideen om å leige det ut, seier Torhus.

Turistane treng ullsokkar

I snitt har familien mellom tre og fire overnattingar kvar veke i sommarsesongen. Stabburet kan ikkje brukast i vinterhalvåret, fordi det blir for kaldt. Gjestane kjem frå heile verda og finn alt dei treng, inkludert varme ullsokkar, i det raude huset. Opp den bratte trappa til hemsen, er det sengeplass til seks.

Over heile landet står det tomme hus og bygningar. Mona Torhus meiner fleire i distrikta bør tenkje som henne.

– Fleire oppsøkjer naturen og ynskjer å bli kjend med lokalbefolkninga i ei bygd. Det er sånne typar turistar som blir lokka hit, seier Torhus.

Bygda ligg 15 minutt unna Molde sentrum og har butikk og kafe.

Mona Torhus driv airbnn-utleige

Mona Torhus gler seg alltid til å sjå kva gjestane skriv i hytteboka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lovprisar tiltaket

Innovasjon Norge applauderer stabbursdrifta til Mona Torhus. Dei meiner at fleire andre i distrikts-Noreg med ledige rom, godt kan gjere det same.

– Dette opnar opp Noreg på ein heilt annan måte enn tidlegare. Det vi ser når turistar vel å bruke denne type aktørar, er at dei kjem nærare inn på verten som kan fortelje andre historier enn dei tradisjonelle reiselivsaktørane, seier Audun Pettersen.

Han er avdelingsdirektør for reiseliv i Innovasjon Norge.

LES OGSÅ:

Audun Pettersen

Audun Pettersen er avdelingsdirektør for reiseliv i Innovasjon Norge. Han meiner privat utleige ikkje er i konkurranse med tradisjonelle reiselivsaktørar.

Foto: Tommy Andresen

Ikkje konkurrent

Pettersen seier at privat utleige slett ikkje er nytt. Teknologien har berre gjort det mykje enklare. Og slike som Mona Torhus er ikkje i konkurranse med tradisjonelle reiselivsbedrifter.

– Dei fleste reiselivsbedrifter i større skala, ser ikkje denne type utleige som ein konkurrent, men som eit ekstra tilbod, meiner Pettersen.

Gjesteboka gir motivasjon

For Mona Torhus er den største gleda med å leige ut, å treffe folk frå heile verda. Når gjestane vel å ligge på stabburet i meir enn ei natt, viser ho dei fine turmål i nærområdet. Og ho gler seg alltid til å lese i gjesteboka etter at dei har reist. Der står det mange fine helsingar.

– Dei som har overnatta her, stortrivast. Det å få gode tilbakemeldingar frå folk, er det viktigaste for, seier Torhus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL