Hopp til innhold

Aukande interesse for norske fyr

Stadig fleire ønskjer å besøke dei mange fyra langs norskekysten.

Ulla fyr, Haramsøya

Ulla fyr på Sunnmøre er berre eitt av mange fyr som tilbyr overnatting.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

På Ulla fyr, yttarst på Haramsøya på Sunnmøre, er Geir Håkon Austnes i gang med dagens omvising.

Geir Håkon Austnes

Geir Håkon Austnes i Ullafyrets venner merker ein tydeleg interesse for fyret.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Han er ein del av velforeininga Ullafyrets venner, som sidan 2002 har jobba på dugnad for å ta vare på fyrstasjonen på Kvernholmen på Haramsøya. Dei arrangerer også omvisingar på fyret, og merker at interessa er aukande.

– Vi likar best å ta imot gjestar som i dag, men det er også mykje utleie og overnattingar. Det er stadig nye folk som ringer. Her har det vore bryllaup, konfirmasjon og andre feiringar, seier Austnes.

– Det er mykje lokale gjestar, men det er også mange andre som ønskjer å besøke fyret, held han fram.

Aukande interesse

Men det er ikkje berre på Sunnmøre fyra er populære. Langs heile kysten blir dei som driftar fyra kontakta av folk som ønskjer å besøke eller overnatta der.

– Det er mange som tek kontakt og har spørsmål rundt fyra. Det har spesielt vore ei auke i folk som vil overnatte. Dette gjeld både utanlandske turistar og nordmenn, seier Ola Sendstad, dagleg leiar i Norsk Fyrhistorisk Forening.

Totalt finst det rundt 60 fyr som er opne for overnatting. Kystverket eig dei fleste av fyra langs kysten, men samarbeider tett med velforeiningar og organisasjonar som driftar fyra lokalt. Andre er eigd av private eller kommersielle aktørar.

– Dei siste åra har det også blitt stadig fleire fyr som er tilgjengelege for besøk, seier Sendstad.

Runde fyr

Også Runde fyr er ope for overnatting.

Foto: Arnfinn Tonnesen

Jaktar det spesielle

Innovasjon Norge står bak den offisielle reiseguiden til Norge og nettstaden visitnorway.no. Dei opplever at stadig fleire reisande er på jakt etter dei unike opplevingane.

Audun Pettersen

Audun Pettersen opplever at stadig fleire reisande er på jakt etter dei unike opplevingane.

Foto: Privat

– Mange ønskjer det spesielle og då er overnattinga ein del av det. Det kan vere eit fyr, ei tretopphytte eller andre overnattingsstadar i unike omgivnader, seier Audun Pettersen, leiar for berekraftig reiseliv og mat i Innovasjon Norge.

Han meiner at det gjeld både for norske og utanlandske turistar.

– Dei fleste utanlandske turistane som kjem hit ønskjer å oppleve norsk natur. I tillegg trur eg mange norske turistar blir lei standardhotella og ønskjer å gjere noko anna.

  • Les også:

Eit minne for livet

Bjørn Nedreskodje

Bjørn Nedreskodje har sjølv overnatta ved Ulla fyr fleire gonger.

Foto: NRK

Ved Ulla fyr på Sunnmøre nærmar omvisinga seg slutten. Dei tilsette ved skulekontoret i Haram har samla seg ved fyrstasjonen og følgjer nøye med på det Geir Håkon Austnes fortel.

– Vi ønska å avslutte året på ein litt annleis måte og då passa det godt å besøke Ulla fyr, seier Bjørn Nedreskodje, einingsleiar for grunnskulen i Haram.

Han har sjølv besøkt fyret fleire gongar tidlegare.

– Eg har budd her eit par gonger før og eg har også tatt med meg utanlandske gjestar hit. Det er ei oppleving dei aldri gløymer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL