Hopp til innhold

– Å køyre bubil er ikkje lenger harry

I fleire år har salet av bubilar auka. Forhandlar Svein Erik Gråberg seier at no kjøper direktørar og høgtståande folk bubil.

Svein Erik Gråberg

Svein Erik Gråberg er dagleg leiar ved Kroken Caravan. Dei aukar bubilsalet kvart år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er hektiske dagar for dei tilsette ved Kroken Caravan på Åndalsnes. To eldre kvinner og eit par i 60-åra er på utkik etter bubil. Andre er på ferie og er innom for å kjøpe utstyr. Statistikken viser at det vart registrert 6,6 prosent fleire bubilar i Noreg det første halvåret i 2016, samanlikna med i fjor.

Tom Zahlheien og Kristi Håland Heien frå Jæren er også innom caravanforretninga. Dei øydela spegelen på bubilen, då dei møtte ein annan bil på smale vegar i Geiranger-området. Dei har lånt bilen frå Toms far, og har så langt vore på ferie i tre dagar.

– Hadde vi hatt pengar til det, kunne vi ha kjøpt vår eigen, men det er svindyrt, seier Zahlheien. Han meiner bubilferie er ei meir eksklusiv utgåve av campinglivet.

Tom Zahlheien og Krisi Håland Heien

Tom Zahlheien og Kristi Håland Heien frå Jæren låner bubil i sommar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bubil er ein livsstil

Kroken Caravan er den største forhandlaren av bubilar i Midt-Noreg og har auka omsetninga kvart einaste år sidan 1994. Dagleg leiar, Svein Erik Gråberg, seier at mange kjøper dyre bilar med høg komfort.

– Før var caravanferie lågbudsjett, men no er det også direktørar som kjøper bubil. Folk frå alle samfunnslag ferierer på den måten. Det er ein livsstil, seier Gråberg.

Ein del har også reist på charterferie i mange år, men vil ferierere tryggare, med tanke på uroa som er mange stader i verda.

Undersøkingar frå Norges Caravanbransjeforbund viser at dei typiske bubileigarane er eit par i 60-åra. Dei brukar bubilen frå april til oktober og ferierer helst i Noreg og Sverige.

LES OGSÅ:

Harrystempelet er borte

Geir Holm er generalsekretær i Norges caravanbransjeforbund. Han trur ikkje det er uroa i verda, som gjer at stadig fleire vil feriere med bubil.

– Det er rett og slett ikkje harry lenger. Og folk vil ha den fridomskjensla ein bubil gir, seier Holm. Det er ikkje berre nyregistrerte bubilar som aukar. Også bruktbilsalet har auka kraftig i år. I dei fylka som er råka av oljekrisa er det ein liten nedgang, men Holm seier at det er udramatisk.

– I tida framover trur eg endå fleire vil kjøpe bubil. Vi har ein generasjon med pensjonistar som har god råd, seier Holm.

Tyske turistar, Holger Tobben

Holger Tobben ferierer saman med kone og eit venepar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Køyrde frå Tysland

På den idylliske Saltkjelsnes Camping i Rauma levere turistane det gode liv. Campingvogner og bubilar står på rekke og rad. Tyske Holger Tobben er her saman med kona og eit vennepar. For dei gir ein bubilferie ein enorm fridom. Tobben forstår at fleire nordmenn vel å feriere på den måten.

– Finn vi ein fin plass, er det berre å bli der, seier Tobben.