Hopp til innhold

Molde-ordføraren ut mot eiga regjering: – Noreg er meir enn det sentrale Austlandet

Torgeir Dahl (H) stiller seg sterkt kritisk til at dei må gje frå seg vaksinar til Oslo og kommunane rundt. Han meiner det vil gå utover helsepersonell og risikogruppene i Molde.

Molde-ordfører Torgeir Dahl

Molde-ordførar Torgeir Dahl går hardt ut mot regjeringa for måten dei vil omfordele vaksinar på. Han synest det er kritikkverdig.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kritikken har hagla mot regjeringa frå kommunar over heile landet som må gje frå seg vaksinar til område med sterkt smittetrykk. Mange er bekymra for om logistikken vil gå opp når dei må ta igjen dette i fellesferien.

Det er 24 kommunar på Austlandet som får rundt 60 prosent ekstra dosar i juni, mens 300 kommunar må gje frå seg. Dei siste 23 kommunane slepp å gje.

No går også høgreordførar Torgeir Dahl i Molde sterkt ut mot denne strategien. Han reagerer på at beskjeden om at dei må gje frå seg dosar kjem så tett opp mot sommaravviklinga.

– Det betyr veldig mykje. Dei som jobbar med vaksine er slitne, og no må dei kaste planane. Eg synest det er vanskeleg å forsvare det, derfor går eg ut og seier at eg synest det er kritikkverdig, seier Dahl.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl meiner regjeringa burde halde seg til den opphavlege planen, særleg fordi endringane kjem så seint.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han synest også at det er alvorleg at Molde kommune enno ikkje har fått vaksinert alle dei utsette gruppene før dei i juni vil få eit nedtrekk på over ein tredel av dosane kommunen skulle ha fått.

– Eg skjønnar vurderinga av at Oslo-området har vedvarande høg smitte, men det dette betyr er at våre utsette grupper får vaksine etter russen på det sentrale Austlandet, seier Dahl.

Sjølv om Møre og Romsdal har hatt gjennomgåande låg smitte, meiner Dahl at dei har jobba hardt og merker godt følgjene av pandemien.

– Den gevinsten ein legg til grunn er så liten, at meirkostnadene og utfordringane for oss i distrikta, er altfor stor. Det er veldig alvorleg.

Er budd på å møte motbør igjen

Molde-ordføraren fekk stor nasjonal merksemd då han i februar kritiserte byrådet i Oslo for måten dei har handtert koronapandemien. Han sa etterpå at han angra på tidspunktet for utspelet, som av mange også blei oppfatta som eit åtak på befolkninga i Oslo.

Reaksjoner på Torgeir Dahl sitt utspill

Dette var nokre av dei reaksjonane som Molde-ordføraren fekk etter utspelet mot byrådet i Oslo.

Illustrasjon: Maria Kristina Vevang / NRK

– Du er ikkje redd for at du kan få kritikk igjen?

– Eg er budd på at det same kan skje, fordi vi talar for litt andre interesser. Vi må tale for vår befolkning, Noreg er meir enn det sentrale Austlandet.

Har tru på at det er et fornuftig val

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc seier at han forstår godt at Dahl er misnøgd med avgjerda som regjeringa har tatt, men at det er basert på et klart råd frå FHI.

– FHI meiner at dette vil gi god effekt og at vi vil bli ferdig med pandemien raskare.

Oslo-området har hatt veldig mykje smitte over lengre tid som også har spreidd seg elles i landet. Korkunc seier at håpet er at endringa som regjeringa nå gjer vil føre til at det ikkje spres smitte til andre stader i landet.

Saliba Andreas Korkunc

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H).

Foto: Lise Åserud

Det vil ikkje føre til store forseinkingar, ifølgje han.

– Med det løpet som er lagt, gitt at kommunane klarer å ta igjen etterslepet, blir forsinkelsen på maks ei veke. Då vil alle over 18 år få tilbod om ein vaksinedose i månadsskifte juli og august om alt går etter planen.

Sjølv om mange kommunar seier at dei skal greie å vaksinere veldig mange gjennom fellesferien, seier Korkunc at det blir krevjande for nokre kommunar.

– Vi ser at dette kan skape problem for ein del kommunar, derfor har vi gitt eit oppdrag til Helsedirektoratet og statsforvalterane om å sjå på korleis vi kan hjelpe kommunane til å faktisk få dette til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL