Hopp til innhold

Molde møter Granada i åttandedelsfinalen i Europacupen

Molde møter spanske Granada. Det blei klart etter UEFA si trekning. Trener Erling Moe seier han ikkje håpa på det spanske laget.

Tomålsskårar Eirik Ulland Andersen vart den store helten då Molde vann mot Hoffenheim og gjekk vidare i Europaligaen.

Molde blei historiske torsdag då dei slo Bundesligalaget Hoffenheim og tok seg vidare til åttandedelsfinale i Europaligaen.

– Det er stort, det er berre å sjå på den lista vi konkurrerer mot no. Det er store klubbar frå store fotballnasjonar, seier trenar Erling Moe etter at dei landa med flyet i Alicante.

I dag blei det klart at laget møter spanske Granada i neste kamp. Granada imponerte ved å slå ut Napoli i 16.-delsfinalen. Moe seier at han trur Granada ropte høgast «hurra» da dei fekk vite kven motstandaren var.

– Eg kan no seie så mykje at Granada ikkje var et av dei laga eg håpte på, seier Moe, og fortel at dei håpte på Praha eller sveitsiske Youngboys.

Kampane går 11. og 18. mars og Molde møter Granada borte først og deretter heime.

Erling Moe

Moldetrenar Erling jubla over siger etter kampen i går.

Foto: RALPH ORLOWSKI / Reuters

Moldelaget er no i Spania der dei har base under førebuingane til neste runde. Slik det ser ut no får ikkje Molde spele heimekampen mot Granada i Romsdal, men dei må spele i eit anna europeisk land på grunn koronapandemien.

Heldig med trekninga

Manchester United var også med i trekninga, og mange hadde nok håp om at Ole Gunnar Solskjær skulle møte gamleklubben.

Trener Moe var glad de slapp United.

– Kampen hadde blitt fantastisk, men vi håpte på å få lettast mogleg, så sjansane var størst mogleg, seier han.

Vebjørn Hjelmeseh i supporterklubben Tornekrattet fylgde trekninga spent og var glad for at det blei Granada.

– Eg føler at vi ikkje kunne ha vore heldigare med trekninga av alle dei storlaga vi kunne ha fått. Eg håpte at vi skulle få eit av laga som var i lågare sjiktet. No fekk eg større trua, seier Hjelmeseth.

Han drøymer om at styresmaktene gir løyve til å opne for kamp med 200–600 tilskodarar på banen.

– Det hadde vore fantastisk å få oppleve heimekampen i den største kampen i Molde si historie, seier supporteren. Han er innstilt på at begge kampane i staden blir spelt i Spania.

Molde-supportar Vebjørn Hjelmeseth

Molde-supporter Vebjørn Hjelmeseth er nøgd med at Molde skal møte Granada.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Mogleg å vinne

Moldelegende Daniel Berg Hestad meiner at det talar til Molde sin fordel at Granada ikkje har vore i Europaligaen før, sjølv om det er eit sterkt lag.

– Det er absolutt ein motstandar det er mogleg å slå, sjølv om dei er store favorittar, seier Hestad.

Han trur Molde si erfaring frå tidlegare Europaoppgjer er viktig.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad meiner det absolutt er mogleg å slå Granada.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Kva sjansar gir du til Molde for å gå vidare til kvartfinalen?

– På ein måte er det to bortekampar, så sjansen er mindre sjølvsagt. Så ærlege må vi vere, men likevel har dei ein fair sjanse, seier Hestad.

Sjeldan kost

Ikkje sidan Vålerenga kom til kvartfinalen i cupvinnarcupen i 1998/99, har eit norsk lag tatt seg så langt i Europaligaen som Molde no har gjort.

NRK sin fotballekspert, Carl Erik Torp seier at det Molde gjorde er stort og sjeldan kost.

– Vi veit jo også at det ikkje har blitt lettare sidan då, og med det nivået det er på internasjonal fotball er det fantastisk at vi matchar det, sa Torp etter kampen.

Etter den imponerande innsatsen har målvakt Andreas Linde og tomålsskårar Eirik Ulland Andersen fått plass på vekeslaget i Europaligaen.

Eirik Ulland Andersen

Eirik Ulland Andersen fekk plass på vekeslaget til Europaligaen denne runden saman med keeper Andreas Linde.

Foto: RALPH ORLOWSKI / Reuters

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL