Hopp til innhold

Hareide: – Alt presset er på Brügge og Ronny Deila før returkampen

Den meritterte fotballtrenaren Åge Hareide meiner Molde har gode sjansar i returoppgjeret borte mot Brügge. I den første kampen vann Molde etter scoring på overtid.

4 runde i cupen mellom Viking og Rosenborg

Åge Hareide er imponert over Molde sine prestasjonar i Europa.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Brügge har eit enormt press på seg. Dei er vande med å gå langt i Europa. Dei er vande med å vinne heime. Så alt presset er på Ronny Deila og Brügge før returkampen.

Åge Hareide har nettopp sett Molde slå den belgiske storklubben Brügge etter scoring på overtid. Og han er imponert over den klubben han ein gong var trenar for.

Hareide er trenar for det islandske landslaget no. Tidlegare har han vore dansk landslagstrenar, og han har trent fleire av toppklubbane i Norden. I Molde har han vore både trenar og spelar.

Kampen mellom Molde og Brügge på Aker Stadion følgde han som ekspertkommentator for NRK. Og han var i fyr og flamme over det han fekk sjå.

– Det er nok ein gong eit bevis på at Molde kan matche topplag frå andre land og andre plassar i Europa.

Les også Ekspertene fullroser Molde etter ny Europa-skalp: – Bare å ta av seg hatten

UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge

Unngå tidleg baklengsmål

Klarer Molde å slå ut Club Brügge så er laget i kvartfinalen i den europeiske serieligaen. Det vil vere ein stor siger for norsk fotball.

Fredrik Gulbrandsen sikra Molde siger i den første kampen etter scoring på overtid. Den scoringa gjer at Molde sit i førarsetet før returkampen i Belgia. Og det fortrinnet ønskjer ikkje Gulbrandsen å gi frå seg.

– No blir det viktig å ikkje få eit mål mot oss tidleg i kampen. Klarer vi det så må Brügge kome framover i banen, og det passar oss bra. Vi får titte litt på video og sjå kva vi kan gjere annleis. Så er vi klar for å gjere ein kjempeinnsats nede i Belgia, seier han.

UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge

Fredrik Gulbrandsen avgjorde kampen mot Brügge på Aker Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Vinnarvilje

Molde-trenar Erling Moe meinte laget ikkje var på sitt aller skarpaste i den første kampen mot Brügge. Men han roste vinnarviljen som spelarane viste. Og den blir viktig i returkampen i Belgia.

Men kampane tærer også på mannskap og ressursar. Mot Brügge måtte Eirik Haugan ut med skade tidleg i første omgang. Og skadar kan bli ei utfordring.

– Det begynner å bli mange no. Men heldigvis har vi spelarar som kan fylle fleire roller. Kristoffer Haugen har aldri spelt midtstoppar før og ser jo ut som ikkje har gjort anna, seier Moe.

Moldetrener Erling Moe peker opp mot publikum med et smil om munnen.

Erling Moe roste vinnarviljen til spelarane etter heimekampen mot Brügge.

Foto: Svein Ove Ekornes / NTB

Molde er i same situasjon no som etter den første kampen mot Legia Warszawa. Molde leia med eitt mål etter heimekampen, men dei knuste polakkane i Warszawa.

– Det er eit bra utgangspunkt for returkampen når vi tenkjer på kva dei gjorde i Warszawa. Eg trur dei kan gjere det same igjen, seier Åge Hareide.

Ronny Deila og Erling Moe før kampen på Aker Stadion. Molde VS Club Brügge.

Ronny Deila og Erling Moe før kampen på Aker Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornes / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga