Molde hadde eit godt utgangspunkt etter å ha slått polakkane 3–2 på heimebane, men laget var førebudd på ein tøff kamp i Warszawa.
Det innebar at Molde ville gå vidare i den europeiske serieligaen dersom laget klarte minst uavgjort mot Legia Warszawa. Og supporterane var optimistar før kampen.
Og Molde leverte ei sjokkopning i Warszawa. Allereie etter eitt minutt låg ballen i nettet. Markus André Kaasa forserte fram på venstresida, ballen hamna hos Fredrik Gulbrandsen som scora.
Artisteri av Hestad
Molde held fram med å angripe mot Legia. Etter 20 minutt kom utteljinga. Molde gjekk opp til 2–0. Kaasa trefte først stolpen. Deretter la Magnus Eikrem inn ballen i feltet. Eirik Hestad styrte ballen i mål med hælen.
– Det er artisteri av Molde i Warszawa. Dei utspelar Legia Warszawa på deira eiga heimebane, sa TV3-kommentatoren Roar Stokke.
Kampen blei jamnare utover i første omgang, men Legia klarte ikkje å skape farlege sjansar mot Molde. Ikkje før heilt mot slutten av omgangen då Molde-keeper Oliver Petersen henta fram ein redning frå øvste hylle etter eit skot frå kort hald.
Fredrik Gulbrandsen sin store kveld
Legia Warszawa starta andreomgangen med ei heading i stolpen og heldt fram med å presse Molde. Fem minutt seinare fekk polakkane ein enorm sjanse, men headinga gjekk utanfor målet.
Slitne moldensarar kjempa og sto i mot presset frå Legia. Og så var det Molde sin tur til å svare. Laget rulla opp eit angrep på venstre kant og Fredrik Gulbrandsen sette ballen i mål frå kort hold.
Dette var Gulbrandsen sin fjerde scoring på to kampar mot Legia Warszawa.
Og no fekk Molde kontroll på kampen. Gulbrandsen var nære på å score nok eit mål. Skotet var knallhardt, men Legia sin keeper fekk ei hand på ballen.
Legia hadde også sine sjansar, men det ville seg ikkje for polakkane på heimebane. Og Molde klarte å feie unna det som kom av innlegg.
Bengt Eriksen som kommenterte kampen på radio for NRK, var djupt imponert over Molde sin prestasjon.
– Ein veldig, veldig, veldig god prestasjon av Molde. Først og fremst trur eg tilnærminga og inngangen var riktig. Dei var offensive og ville påføre Legia forsvarstrøbbel med ein gang. Det er sterkt.
Stolt Molde-trenar
Og etter kampen var det ein stolt Molde-trenar Erling Moe som møtte til pressekonferanse.
–Vi ønskjer å vere modige. Vi ønskjer å stå fram som Molde. Eg er veldig stolt over prestasjonen. Det inneber mykje for spelarane. Det inneber utvikling. og at vi held fram med å ta skritt i europeisk samanheng. Det er ein god dag for Molde Fotballklubb.
Og Molde-trenaren skryt av Fredrik Gulbrandsen som har scora fire mål mot Legia Warszawa.
– Han har vore lenge ute. Eg trur det var veldig godt for oss at ikkje fleire var på der, då vi henta han. Han har tatt store skritt. Og han er ein trussel mot alle.
Og spelarane hadde vore mentalt førebudd på eit Legia-lag som ville angripe frå starten av. Men slik gjekk det ikkje.
– Det er veldig viktig for oss og for meg. Ein utruleg sterk prestasjon. Vi klarer å vere skarpe i ein del situasjonar, også var vi også litt heldige i nokre situasjonar. Men vi slost bra for kvarandre, seier Mats Møller Dæhli.