NRK Meny
Normal

Moe: – Eg er stolt av laget

Molde spilte 1–1 mot nederlandske Ajax i går kveld, noko som betyr at laget framleis toppar gruppa A i Europaligaen. Trenar Erling Moe er stolt over korleis laget heva seg i løpet av kampen.

 Molde-trener Erling Moe

Molde-trenar Erling Moe var stolt av laget etter torsdagens kamp mot Ajax.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg er ekstremt fornøgd med andreomgangen, og at vi greier å rette på det vi bommar litt på i førsteomgangen, så det synest eg er sterkt av laget, seier Erling Moe, hovudtrenar i Molde FK.

Torsdag tok laget imot nederlandske Ajax til Europaligakamp heime på Aker Stadion i Molde, der stillinga til slutt enda 1–1. Det betyr at laget framleis toppar gruppa A i Europaligaen.

– Eg meiner det er eit ganske rettferdig resultat totalt sett. Spelarane var misfornøgd etter førsteomgang og gjorde noko med det, det likar eg, seier Moe.

Horvath imponerte i mål

Det er berre to veker sidan Molde sende sjokkbølger gjennom Europa, da dei knuste Fenerbahce 3–1 i Istanbul. Torsdag kveld overraska dei igjen, då dei etter berre åtte minutt spelte seg flott laus på Ajax' høyreside. Frå fem meter hadde Eirik Hestad til slutt ingen problem med å tuppe inn innlegget frå Etzaz Hussain.

Ethan Horvath

Molde-keeper Ethan Horvath imponerte under torsdagens kamp mot Ajax.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Molde-keeper Ethan Horvath var i storform under gårsdagens kamp. 20-åringen gjorde ei redning i ypparste europeiske klasse då han etter 56 minutt redda ei knallhard heading frå kloss hold. Fem minutt seinare imponerte han igjen, då han hinderet Mitchell Dijks frå å heade i mål frå sju meter.

Moe er full av lovord om den unge spelaren.

– Ethan stod ein kanonkamp. Han er ein ung gut som vi valde å satse på når Ørjan Håskjold Nyland forlét klubben, og det var eit svært godt val. Han setter den nederlandske keeperen i skuggen og har ei stor framtid føre seg, seier trenaren.

Horvath sjølv er meir beskjeden og vil ikkje beskrivast som ein matchvinnar.

– Eg likar ikkje å snakke om ein matchvinnar fordi det er ti andre spelarar på bana som også gjer ein innsats. Eg prøvar berre å gjere mitt beste, seier Molde-keeperen.

Molde sikret uavgjort hjemme mot det nederlandske storlaget i torsdagens Europaliga. Reporter: Knut Scheie Solberg