Hopp til innhold

Mista legelisensen etter gjenteken dopingsmugling

Ein utanlandsk lege, då tilsett ved sjukehuset i Molde, smugla ved fleire høve doping til Noreg. Legen påstod at stoffa var til forsking, noko Statens helsetilsyn ikkje trudde på. No har legen mista legelisensen i Noreg, og andre nordiske land er åtvara.

Molde sjukehus

Den utanlandske mannlege legen var tilsett som LIS-lege ved sjukehuset i Molde. No har han mista legelisensen etter dopsmugling.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Det var 8. april i år at ein utanlandsk lege, tilsett som LIS-lege (lege i spesialisering) på Molde sjukehus, blei stoppa i tollen på Gardermoen.

I rapporten frå Tollvesenet står det at legen blei stoppa for tollkontroll i grøn sone. Ved røntgenkontroll av bagasjen kunne det sjå ut som kofferten til legen inneheldt fleire hetteglas (lita glasflaske) og tablettar.

Då legen blei spurt om det var medisinar, svarte legen at det var medikament til bruk i legepraksisen.

Cato Innerdal

Cato Innerdal, assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, fortel at dopingsmuglinga er eit klart tillitsbrot når ein er lege.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Skulle vise til kollegaene

Tollvesenet beslagla til saman 365 tablettar og fem hetteglas á 10 milliliter med forskjellige anabole steroid.

Alle stoffa er på dopinglista, og dermed ulovlege å innføre til Noreg.

Den mannlege legen blei teken inn til politiavhøyr, der han forklarte at medikamenta var kjøpt i heimlandet.

Til politiet sa han at dei ulovlege stoffa var til bruk i forsking, og legen meinte stoffa var forskjellige frå det ein fekk tak i her i Noreg. Han ville sjekke om det kunne vere placebo, altså om stoffa hadde verknad.

– Til Statens helsetilsyn har han sagt at det var for å vise kollegaene kor enkelt det var å få tilgang på slike preparat i heimlandet, fortel assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Cato Innerdal til NRK.no.

– Blei han trudd?

– Det har ikkje eg grunnlag til å uttale meg om.

I eit nytt politiavhøyr i Molde forklarte legen at alle preparata var kjøpt på apotek i utlandet.

Gjorde nye beslag

Legen var klar på at preparata ikkje var til eigen bruk, noko han var villig til å bevise gjennom blod- eller urinprøver. I Molde erkjente legen straffskuld for den ulovlege innførselen.

I tillegg fortalte legen at han hadde fleire tablettar i bustaden i Molde.

Politiet i Molde gjennomførte ei ransaking av bustaden, der det blei funne tablettar av typen Stanozolol.

– Ikkje relevant for yrkesutøvinga

Helse Møre og Romsdal blei oppringt av politiet same dag som beslaget skjedde. Legen sin arbeidsgjevar suspenderte han frå stillinga umiddelbart.

Legen blei innkalla til samtale med arbeidsgjevar 11. april. Der valde legen å seie opp stillinga si.

I ei utsegn til Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner legen at smuglinga ikkje burde ha noko å seie for legepraksisen.

«Du kan ikkje sjå at denne hendingane har relevans for yrkesutøvinga, men du forstår at Fylkesmannen ønskjer informasjon», oppsummerer Statens helsetilsyn i sin rapport.

Saka held fram under bildet.

Statens Helsetilsyn

Statens helsetilsyn meiner mannen har anten brukt eller selt dei ulovlege preparata.

Foto: Christian Thomassen/Scanpix

– Hadde blitt hylla i Sverige og Danmark

Saka blei oversendt til Statens helsetilsyn den 5. juli i år frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Den 27. august blei legen orientert om at han kunne miste legelisensen, og den 7. september uttalte legen seg til Helsetilsynet.

Legen meinte han hadde gode intensjonar med innførselen, og at det måtte vektleggjast. Han sa at intensjonen var å vise verda at denne typen medikament var å få tak i utan resept.

Vidare sa legen at han ville akseptere ei eventuell straff.

Likevel var han undrande til oppstyret:

«Du var undrande til korleis nedkjemping av ulovlege medikament i utviklingsland kan vere grunn til å bli hylla i Sverige og Danmark, medan ein i Noreg kan miste lisensen på grunn av dette», skriv Statens helsetilsyn i sluttrapporten.

– Eg tenkjer at utsegna må stå for vedkommande si rekning, kommenterer assisterande fylkeslege Innerdal.

Klart avvik frå forventa åtferd

Statens helsetilsyn var derimot ikkje i tvil.

«Du har erkjent innførsel og oppbevaring av legemiddel på dopinglista, noko som i utgangspunktet har ei tilsvarande strafferamme som narkotikabrotsverk. Etter vår vurdering representerer din handlemåte eit klart avvik frå forventa åtferd for ein lege».

Helsetilsynet er klar på at tillit er svært viktig i legeyrket, og omtalar forholdet som alvorleg sjølv om det skjedde på legen si fritid.

– For at folk skal ha tillit til helsetenesta og legar, så er det ein grunnleggjande føresetnad at personell og tenesta driv og har åtferd som innbyr til tillit, seier Innerdal til NRK.no.

– Statens helsetilsyn er klare på at innføring av ulovlege dopingmiddel ikkje er i tråd med den tilliten. Det er uforeinleg med yrkesutøvinga.

Helsetilsynet: – Til eigen bruk eller vidaresal

Statens helsetilsyn legg òg vekt på at smuglinga må ha skjedd ved fleire høve.

«(...)du forstøkte å innføre større mengder anabole steroid til Noreg, samtidig som du hadde tileigna deg slike legemiddel som tidlegare. Desse blei oppbevar i di leilegheit. Etter vår vurdering indikerer dette at du anten brukar slike legemiddel sjølv, eller at du sel dei vidare».

Statens helsetilsyn fann dermed ut at legen blir sett på som ueigna til å utøve legeyrket. Den utanlandske legen sin lisens blei dermed tilbakekalla, det i medhald til helsepersonellova §57.

Cato Innerdal

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal fortel at nordiske land blir informert om avgjersler frå Helsetilsynet.

Foto: Markus Plementas / NRK

Andre nordiske land blir orientert

Etter at legen slutta i Molde, fekk han ny jobb ein annan stad..

– Jobba han i Noreg etter at han slutta ved Molde sjukehus?

– Nei, han har ikkje jobba i Noreg etter at han sa opp legestillinga si i Molde. Han har bustadadresse i Danmark no, fortel Cato Innerdal.

– Når ein utanlandsk lege får legelisensen inndrege i Noreg. Får det konsekvensar utover landegrensa?

– Statens helsetilsyn orienterer andre nordiske land og tilsynsmyndigheiter om dei vedtaka som blir fatta i Noreg, avsluttar Innerdal.

Legen har rett til å klage på vedtaket, med visning til helsepersonellova §68.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL