Hopp til innhold

Politiet i Molde beslagla meir narkotika i legen sin bustad

Den mannlege legen, som tidlegare var tilsett ved sjukehuset i Molde, hadde òg ulovlege stoff i eigen bustad. Etterforskningsleiar ved politiet i Molde fortel at det dreia seg om stoffet Stanazolol, som dei fann etter ransaking.

Arild Angen

GJORDE BESLAG I LEGEN SIN BUSTAD: Etter at Molde sjukehus avkrefta at dei ulovlege stoffa var til bruk på legen sin arbeidsstad, gjennomførte politiet ei ransaking av mannen sin bustad. Der fann dei anabole steroider, nærmare sagt stoffet Stanazolol. Stoffet blir ofte brukt av idrettsutøvarar som doping.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Det blei oppretta sak i byrjinga av april. Bakgrunnen er ein kontroll som er gjort på Gardermoen tidlegare i år.

– Der blei det stoppa ein person med innreise frå Danmark til Noreg. Han hadde med seg ein god del tablettar og nokre ampullar, med anabole steroid, fortel Arild Angen, etterforskningsleiar ved politiet Molde.

Det skal vere bakgrunnen for at ein lege måtte avslutte arbeidsforholdet sitt ved sjukehuset i Molde.

Legen, som blei tilsett ved Molde sjukehus i oktober 2011, hevda dei ulovlege narkotiske stoffa var til bruk på hans arbeidsstad. Det kunne derimot Molde sjukehus avkrefte sporenstreks.

– Vi blei orientert av politiet, då vedkommande hadde involvert oss. Han hevda medikamenta skulle brukast ved hans jobb her på sjukehuset. Det kunne ikkje vi bekrefte, fortel personalsjef i Helse Møre og Romsdal, Olav Finnøy.

Hevda det ikkje var til eige bruk

Då Molde sjukehus ikkje kunne bekrefte historia til legen, gjorde politiet ei ransaking av legen sin bustad.

– Der blei det funne nokre narkotiske stoff til. I ransakinga av heimen hans fann vi Stanazolol, som er anabole steroid, seier Angen.

– Kva har legen sagt i avhøyr?

– Han seier det er anabole steroid som han skulle vise til kollegaer. Han seier det ikkje var til eige bruk.

– Vidare erkjenner han at han tok med tablettane og ampullane. Han hadde heller ikkje tenkt og selje dei, fortel etterforskningsleiaren.

(Saka held fram under bildet.)

Molde sjukehus

AVSLUTTA ARBEIDSFORHOLD: Legen og Molde sjukehus avslutta arbeidsforholdet etter narkotikabeslag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Avslutta kapittel på sjukehuset

Finnøy i Helse Møre og Romsdal, fortel at arbeidsforholdet til legen blei avslutta 11. april – då legen kom tilbake på jobb. Han fortel at dei har gjennomgått arbeidsforholdet.

– I alle slike samanhengar går vi gjennom prosessen og sjekkar om der er andre ting. Dette har derimot vore eit kort tilsetjingsforhold, og det er ingenting som tyder på at det har vore andre uheldige omstendigheiter.

Legen var tilsett i ei utdanningsstilling som LIS-lege (tidlegare kjent som assistentlege).

– Det er ei alvorleg sak, men dette er eit avslutta kapittel hos oss, seier Finnøy.

Saka ligg no i hendene til fylkesmann, ved fylkeslegen, som kan sende over saka til Statens helsetilsyn. Straffemessig er ska hos politiet.

Opp til påtalejuristen å avgjere straff

Stoffa som blei forsøkt smugla var kjøpt på apotek i utlandet. Legen forstår at det er ulovleg.

– Han har gjeve forklaring, og erkjent skuld for å ha innført ulovlege stoff til Noreg. Slik saka står no blir det opp til påtaleansvarleg å avgjere, informerer Angen ved politiet i Molde.

Påtalejuristen skal avgjere straff, om det blir førelegg eller meir straff.

– Det er ei påtaleavgjersle. Han godtek førelegg, eller tilståelsesdom, om vilkåra er til stades, seier Angen.

– Kor spesiell er denne saka?

– Det er mykje narkotika som blir innført, men det høyrer til sjeldanheitene at det er legar som gjer det, avsluttar Angen.