NRK Meny
Normal

Ferdig som lege ved Molde sjukehus etter narkotikasmugling

Ein lege har avslutta arbeidsforholdet ved Molde sjukehus etter narkotikasmugling. Legen blei stoppa på Gardermoen med større mengder illegale stoff, mellom anna anabole steroid og narkotiske stoff.

Molde sjukehus

SUSPENDERT: Ein lege ved Molde sjukehus har avslutta arbeidsforholdet etter narkotikasmugling.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Legen var tilsett på sjukehuset i Molde.

Det kan medisinsk ansvarleg i Helse Møre og Romsdal, Odd J. Veddeng fortelje.

Legen det gjeld var LIS-lege, tidlegare kjent som assistentlege, ved Molde sjukehus. Saka kom til Helse Møre og Romsdal via politiet i Nordmøre og Romsdal.

Opplysningane politiet hadde fått, var at tollvesenet på Gardermoen hadde stoppa ein person med større mengder illegale medikament, både i tablettform og i flytande form.

Dette dreia seg om anabole steroid og narkotiske stoff. Legen som blei stoppa hadde opplyst at stoffa blei brukt i arbeidet hans.

Cato Innerdal

POLITIET HAR STADFESTA: Cato Innerdal, assisterande Fylkeslege i Møre og Romsdal, har fått bekrefta opplysningane med politiet.

Foto: Markus Plementas / NRK

– Politiet har stadfesta

Saka er frå midten av april, og legen det gjeld blei suspendert med umiddelbar verknad.

Cato Innerdal, assisterande Fylkeslege i Møre og Romsdal, fortel at politiet har bekrefta opplysningane, i det han beskriv som ei bekymringsmelding.

– Vi har vore i telefonisk kontakt med politiet for å forhøyre oss kring saka sitt innhald. Vi har fått stadfesta opplysningane i bekymringsmeldinga til helseføretaket.

Etter kontakt med politiet har dei opna tilsynssak.

– På bakgrunn av opplysningar frå politiet, har fylkesmannen opna tilsynssak. Men der står saka per i dag, fortel Innerdal.

Legen har vore tilsett sidan hausten 2011.

Kan miste autorisasjonen

Innerdal fortel at legen no må greie ut for opplysningane i bekymringsmeldinga.

– Ut frå svara vi får der, og informasjonen vi innhentar frå politiet, vil vi vurdere om saka skal sendast over til Statens helsetilsyn for vidare handtering.

Det er Fylkesmannen som tilsynsmyndigheit som vurderer om saka skal sendast over til Statens helsetilsyn.

– Statens helsetilsyn vil kunne, om dei finn grunnar til det, gje ein administrativ reaksjon. I det ligg det alt frå tap av autorisasjon, åtvaring, til rettleiing, fortel Innerdal.

Har ikkje vore borti liknande

For assisterande fylkeslege Innerdal, er saka den første av sitt slag.

– Eg er ikkje kjent med liknande saker, verken i vårt fylke eller i andre fylke.

– Kva tenkjer du om at ein lege har smugla narkotika?

– Dersom opplysningane i bekymringsmeldinga bekreftast av politiet, så er dette heilt klart bekymringsverdig og alvorleg, kommenterer Innerdal.

Han veit ikkje nærmare kva narkotiske stoff det skal vere snakk om.

Helse Møre og Romsdal

SENDT TIL FYLKESMANNEN: Opplysningane blei oversendt frå Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal, til fylkesmannen og fylkeslegen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK