Hopp til innhold

Mindre ras og steinsprang frå Mannen

Sivilforsvaret har rapportert om tre små smell frå det rasutsette fjellpartiet ved Mannen i Rauma i natt. Dei høyrde og eit ras som varte i om lag 15 sekund ved midnatt.

Mannen dekt av snø

Meir nedbør og høgare temperatur har ført til noko auka aktivitet i det rasutsette området i Mannen.

Foto: Synnøve Hole

Auka nedbør i går har ført til at rørslene i fjellpartiet har auka igjen, til opp mot 2,5 centimeter. Dette er betydeleg større enn onsdag og torsdag.

– Det treng ikkje vere noko førevarsel om at det er noko større på gang, for steinsprang og mindre ras i dette området er nokså vanleg, seier geolog Einar Anda.

Einar Anda

Ifølge geolog Einar Anda er aktiviteten i det rasutsette området i natt nokså vanleg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

Men NVE opprettheld raudt farenivå for fjellpartiet, og det skuldast altså at det sidan i går kveld har kome nokså mykje nedbør i området.

– Det er venta mykje regn i dag også, men ikkje ekstremnedbør, seier Anda.

Tre små smell blei registrerte rundt klokka 23.30 i går kveld, i tillegg til eit ras som varte i om lag 15 sekund. Ved 04.30-tida i natt blei det dessutan registrert eit steinsprang til.

Farenivået ved fjellpartiet i Rauma har no vore raudt i fem dagar, og 11 personar som bur i området er framleis evakuerte.

Natt til lørdag gikk det et mindre ras og steinsprang fra fjellet Mannen.

På kameraet er det mørkt, men i natta kan man høyre et mindre ras frå Mannen.

I den siste rapporten klokka 15.00 melder NVE at rørslene i fjellet er like stor som tidlegare på dagen, og at det er venta mindre nedbør enn først meldt i området.

Se direkte frå Mannen her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL