Hopp til innhold

Bella (85) håper Mannen rasar no

ÅNDALSNES (NRK): Bella Rovick (85) på Åndalsnes i Rauma håper at Mannen rasar snart. Folket er lei av stadige varsel om det ustabile fjellet, og håper dei som bur i området snart får fred.

Bella Rovick

Bella Rovick (85) ser på fjella med kikkerten kvar dag. Onsdag morgon såg ho berre skodde. No håper ho skredet frå Mannen snart går, så folk kan bu i fred.

Foto: Synnøve Hole

Alle snakkar om Mannen og det venta skredet. På apoteket i Åndalsnes sentrum møter vi folk onsdag morgon. Dei har følgt nyheitssendingane etter at farenivået igjen blei heva til raudt, og håper det snart skjer noko.

– Det er veldig spennande, eg bur i Fjellgata og ser opp i fjella kvar einaste dag med kikert, seier Bella Rovick.

Les også:

Flyttar heimafrå for tredje gong

Det er tredje gongen på under to år at dei som bur rett under Mannen har måtte flytte heimanfrå. Tysdag ettermiddag måtte 11 menneske og fleire dyr forlate gard og grunn, fordi det er overhengande fare for at eit skred skal gå. Korleis det går med husa rett under veit ingen.

Rovick forstår godt at det tek på.

– Eg syns synd i dei folka som opplever dette. Det må vere heilt forferdeleg, seier ho, og legg til at ho trur skredet kjem denne gongen.

Les også:

Meiner styresmaktene bør gripe inn

Audun Unhjem

Audun Unhjem har medkjensle med dei som bur under Mannen, men meiner styresmaktene bør vurdere å forby busetnad i området.

Men det er mange som ikkje trur det skjer noko denne gongen heller, og fleire har forslag til tiltak.

Audun Unhjem frå Isfjorden i Rauma meiner styreksmaktene bør vurdere om det skal vere lov for folk å bu i området i det heile tatt.

– Styresmaktene bør vurdere om det skal bu folk der. No er det tredje gongen dei flyttar, det må vere eit voldsomt stress for dei, seier han.

Aina Åmdal Hegg

Aina Åmdal Hegg vil ha situasjonen avklart, og foreslår å bruke dynamitt i fjellet Mannen.

Foto: Synnøve Hole

– Kan ikkje den Mannen få litt hjelp, seier Aina Åmdal Hegg.

– Kva ville du gjort?

– Eg har jo ikkje peiling på kva som ville skjedd, men ei lita sprengladning ville eg lagt oppi der, seier ho.

Mange som spør om Mannen no

Christina og Leif Engqvist

Christina og Leif Engqvist frå Uppsala i Sverige vil gjerne sjå Mannen før dei returnerer frå området.

Foto: Synnøve Hole

På Norsk Tindesenter er det onsdag formiddag fleire innom som spør om Mannen, etter å ha høyrt om fjellet i nyheitssendingane. Det svenske ekteparet Christina og Leif Engqvist skal køyre sørover Romsdaldalen, og lurer på kvar eksakt fjellet ligg. Dei kjem frå flate Uppsala i Sverige, og er imponerte over fjella.

Eg kan ikkje tenkje meg noko anna enn kanskje deler av Kebnekaise-massivet (Sveriges høgste fjell, red.anmk.) kan vere så vilt, seier Engqvist.

– Vi er misunnelege på Noreg, slår ektemannen Leif fast.

Mange håper skredet går

May-Helen Tangen

May-Helen Tangen høyrde det buldra frå fjellet og trudde skredet frå Mannen gjekk onsdag morgon. Det var feil.

Foto: Synnøve Hole

Onsdag morgon gjekk NVE ut og sa at fjellet no har stabilisert seg noko, og at rørslene ikkje lenger er like store i Mannen. Det er også meldt finare ver dei neste dagane.

Dermed kan det igjen bli veker med venting og ein uavklart situasjon. May-Helen Tangen høyrde buldring i fjellet onsdag morgon og trudde Mannen raste. No håper ho det skjer fort.

Kva er det beste som kan skje no?

At han kom. Rett og slett. At det blei skikkeleg bulder og brak, og at han kom deisande ned, seier Tangen, og legg til at ho ikkje trur det skjer denne gongen heller.

Fire barn i regnet

Også borna får med seg at fjellet er i rørsle. Verona Kristine Amundsen (4) Erica Farkvam Amundsen (7) Teo Olav Amundsen (8) Emmerik Straume Aasestrand (9).

Foto: Synnøve Hole