Hopp til innhold

Men kor vart det av svelene?

I over 40 år har det vore svelesal på ferjene i fjordfylka. No er det berre nokre skarve storferjer att som får selje tradisjonsmaten.

Svele med brunost på en asjett med et kaffekrus.

Kaffi og ei svele med brunost eller smørkrem. Berre eit fåtal Fjord1-ferjer serverer no ferjeklassikaren.

Foto: Jørn Haudeman Andersen / NRK

Fergekø Linge-Eidsdal

Lange køar på ei ferjekai utan kiosk. Det betyr mange svoltne ferjepassasjerar, men dei kan berre gløyme å få kjøpt seg sveler under overfarten til Eidsdal.

Foto: Rune Hansen / NRK

Det gjekk sjokkbølgjer gjennom fjordfylka i april. Eit brev frå reiarlaget Fjord1 gav tydeleg beskjed om at svele- og kaffisalet måtte ta slutt umiddelbart.

1. april 2009 var aprilsnarren til NRK Møre og Romsdal at Fjord1 ville kutte sveletilbodet. Fem år seinare var sanninga langt frå nokon spøk.

– Det gir ikkje meining

På indre Sunnmøre mellom Linge og Eidsdal, går ferja MS Geiranger. Sambandet er svært travelt i sommarsesongen når tusenvis av turistar passerer mellom Trollstigen og Geiranger. At ein ikkje lengre kan kjenne svelelukta i byssa, seier mannskapet går utover både arbeidsmiljø og kundeservice.

– Svelesalet er ein vinn-vinn-situasjon. Det gjer overfarten trivelegare for både tilsette og passasjerar, og det går heller ikkje utover økonomien til reiarlaget, hevdar dei.

Svele

I over 40 år har det vore svelesal på ferjene i fjordfylka, men no er mange utan.

Foto: Roar Strøm / NRK

Historisk sett brukte gamle MRF (Møre og Romsdal Fylkesbåtar, red. amn) å oppmode til det uorganiserte svelesalet, der alle ombord tok kvar sin tørn med steikespada. Men slik er det altså ikkje lenger.

– Før brukte vi overskotet frå svelesalet til å lage oss fellesmiddagar, men no sit vi og gneg på kvar vår skalk. Det er triste saker, seier mannskapet som ikkje ønskjer å stå fram med enkeltnamn.

– Det hadde vore kjekt å få eit skikkeleg svar på kvifor Fjord1 har kutta svelesalet. Det gir ikkje meining for oss iallfall, avsluttar dei.

Vil vere føre-var

Fjord1 hevdar at det er Mattilsynet som er årsaka til at ferjene utan vanleg kafédrift må avslutte salet.

– Vi har stoppa det uorganiserte svelesalet for å vere heilt sikre på at den drifta vi har ombord er innanfor det regelverket som Mattilsynet trekkjer opp, seier kommersiell direktør Stian Hårklau.

Stian Hårklau

Kommersiell direktør Stian Hårklau seier Fjord1 har valt vekk svela til fordel for mattryggleik.

Foto: Privat

Hårklau understrekar at avgjersla ikkje er basert på konkrete episodar.

– Det har vore litt forvirring knytt til kor vidt vi har fått eit pålegg frå Mattilsynet om å avvikle drifta. Det kan eg bekrefte at vi ikkje har fått. Dette dreier seg om eit føre-var-prinsipp, seier han.

– Det har vore svelesal i fleire tiår, kvifor gjekk de inn i denne problemstillinga først i vår?

– Verda går vidare på dei fleste område. I vårt tilfelle har vi gjort ei grundigare vurdering av regelverket til Mattilsynet, og vil vere heilt sikre på at vi ligg innanfor dei lover og retningslinjer som gjeld. Det er ikkje noko anna som ligg bak, seier han.

Hårklau seier Fjord1 beklagar overfor dei som ikkje trivst i den svelefrie ferjekvardagen.

– Vi vel å ta den konsekvensen for å vere sikre på at vi opererer på ein god og trygg måte, seier han og understrekar at svelesalet går for fulle muggar på ferjene med vanleg kafédrift.

svelesalg

No ser det slik ut på mange ferjer. Fjord1 kutta tradisjonsmaten på ei rekkje ferjer i slutten av april.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ser ingen grunn til å stoppe svelesalet

Seksjonsleiar Lennart Floyd Berge i Mattilsynet i Ålesund har sett på informasjonen som Fjord1 la til grunn då dei valde å forby det uorganiserte svelesalet. Han synest saksgrunnlaget er noko tynt.

– Det er generell informasjon om at det finst eit regelverk. Det gjeld alle, også om enkeltpersonar skulle finne på å lage og selje sveler på eige initiativ, seier han.

Lennart Floyd Berge

Seksjonsleiar Floyd Lennart Berge i Mattilsynet seier svelesal ikkje byr på store utfordringar når det kjem til mathygiene.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Kvifor seier då Fjord1 at det er regelverket til Mattilsynet som gjer at dei kutta svelesalet på fleire samband?

– Ikkje veit eg. Produksjon av sveler og kaffi er ei forholdsvis enkel sak, så om dei verkeleg ønska det, kunne dei sikkert ha funne rutinar som er forsvarlege innanfor det gjeldande regelverket, seier Berge.

Seksjonsleiaren seier Mattilsynet ikkje vil legge seg oppi kva Fjord1 tillet eller forbyr ombord ferjene sine, men understrekar at det iallfall ikkje er Mattilsynet som er årsaka til det plutselege sveleforbodet.

– Så lenge aktiviteten er meldt inn til Mattilsynet på førehand, står det ingenting i vegen for at ein kan selje kaffi og sveler ombord – organisert eller ei, seier han.

Artikkelen held fram etter bildet.

Erna Solberg spiser svele

Erna Solberg åt sjølvsagt svele då ho var på sunnmørsturnè i april. Her frå ferja mellom Hareid og Sulesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Skadar omdømet til Fjord1

Kirsten Skaret pendlar dagleg på ferjesambandet mellom Kristiansund og Smøla. Svele og kaffi har vore eit fast innslag i kvardagen i årevis.

Kirsten Skaret

Ferjependlar og nordmøring Kirsten Skaret har meir tiltru til ferjemannskapa enn Fjord1-administrasjonen.

Foto: Privat

– Eg trudde først det var tull. Det er innmari trist at dei som jobbar ombord ikkje får lov til å yte service som før. Svelesalet er eit kulturelt fingeravtrykk som også mange turistar har merka seg, seier ho.

At det skal vere retningslinjer frå Mattilsynet som skal vere bakgrunnen, har ho lite forståing for.

– Administrasjonen i Fjord1 har sikkert sine grunnar, men eg forstår ikkje kva det skulle vere. Eg har såpass tillit til mannskapa at eg føler meg trygg på at dei held god hygienisk standard.

Skaret, som er Ap-representant i bystyret i Kristiansund, synest det derfor er rart at Fjord1 har valt å ta ei slik avgjersle.

– Dei har utfordringar med omdømet, iallfall her på Nordmøre, og så gjer dei noko slikt? Eg meiner det er ei uklok avgjersle, seier ho og vil minne ferjeselskapet på ordtaket «Det er ingen skam å snu».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL