NRK Meny
Normal

– Dette skadar Fjord1 sitt omdøme

Slik gjekk det då bilane skulle køyre på land frå ferja på Hollingsholmen vest for Molde. To personar blei skadde.

Ulukke Hollingsholmen

Slik gjekk det då den første av 40 bilar skulle køyre på land på Hollingsholmen vest for Molde søndag ettermiddag.

Foto: Kari Johanne Todal

Fjord1-ferjene på Vestlandet har hatt ei rekkje havari siste veka. Først grunnstøytte ferja mellom Smøla og Aure tysdag i førre veke. Same morgon fekk ferja mellom Aure og Kristiansund motorstans. Torsdag kveld gjekk ferja mellom Aukra og Hollingsholmen på land etter motorstans. Og søndag ettermiddag datt altså ferjelemmen ned på Hollingsholmen.

Jon Aasen

Jon Aasen er fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er klart at dette er eit omdømeproblem, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen til NRK.

Fjord1 har vore eit selskap som har vore hundre prosent eigd av fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal har bestemt seg for å selje alle aksjane sine i selskapet.

– Vi forventar at ferjer og ferjemateriell skal vere trygge å bruke. No har det vore mykje trasig. Det har heldigvis sjeldan vore personskadar. Men eg blir veldig lei meg når det er personskade, seier Aasen.

Losna frå lemmen

Saka er framleis under etterforsking og det er ikkje konkludert med kva som eigentleg skjedde. Men ut frå vitneobservasjonar tyder mykje på at ferja ikkje var festa skikkeleg i ferjelemmen før sjåførane blei bedne om å køyre bilane på land.

Ferja blir festa i den landfaste ferjelemmen med ein liten fall-lem. På den vesle fall-lemen på ferja er det ein liten hake som skal feste seg i ei fordjuping på den landfaste lemmen. I dette tilfellet har denne festemetoden tilsynelatande ikkje fungert etter føresetnadene.

– Var sikker på han havna i sjøen

Svein Erik Haugmo stod som bil nummer tre på veg av ferja ved Hollingsholmen då ulukka skjedde. Han og familien slapp med skrekken.

Svein Erik Haugmo

Svein Erik Haugmo såg bilen framfor seg forsvinne då han skulle køyre på land.

Foto: Privat

– Eg såg at at ferjelemmen gjekk ned som vanleg, eg er usikker på bilen køyrde eller rulla utfor kanten, og så forsvann han, fortel Haugmo til NRK.

Passasjerar og mannskap sprang til for å sjå korleis det gjekk med dei som hamna utfor ferja.

Eg var sikker på at han fall i sjøen. Han berre forsvann utfor kanten. Det var dramatisk å sjå på, seier Haugmo.

Politiet etterforskar

Politiet etterforskar no det som skjedde på Hollingsholmen vest for Molde. Uhellet skjedde i samband med at bilane skulle køyre på land.

– Vi har fått vite at bilane var i ferd med å køyre på land. Då første bil av førti bilar skulle køyre på land, fall lemmen ein og ein halv meter ned mot sjøen, fortel politiet sin innsatsleiar på staden Kolbjørn Riise Johansen.

– Må forklare seg

Fylkesordførar Jon Aasen seier at Fjord1 no må forklare seg. Han seier ferjereiarlaget må lære av feila.

– Vi skal ikkje ha det slik som dette. Dei må frimodig gå inn i feila sine. Dei må forklare både oss og styresmaktene kva som har skjedd, seier Aasen.

Lettare skadar

Dei to personane som blei skadde blei sende til sjukehus med mindre skadar. Det eine skadde var ein 56 år gamal mann. Han skal ha vore sjåføren av bilen som blei med lemmen 1,5 meter ned.

Den andre, ei 25 år gamal kvinne, var fotgjengar.

56-åringen skal ha klaga på smerter i ankelen, medan kvinna fikk smerter i nakken.