Hopp til innhold

Fjord1-salet: – Formuesskatten var avgjerande

Auka formuesskatt er hovudgrunnen til at Havila Holding sel Fjord1 no. Det stadfestar Vegard Sævik i Havila Holding.

Styreleiar i Fjord1 og viseamdinistrerande direktør i Havila Holding, Vegard Sævik.

Styreleiar i Fjord1 og viseadministrerande direktør i Havila Holding, Vegard Sævik.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det vart tysdag kjent at dei europeiske fonda «DIF Capital Partners» og «EDF Invest» har kjøpt Fjord1.

– Innretninga på norsk skatt gjer at vi har behov for å frigjere pengar jamt og trutt, seier Sævik om årsaka til salet.

– Svekka konkurransekraft

Vegard Sævik har også vore styreleiar i Fjord1, og han seier dei har sett at selskapet har hatt svekka konkurransekraft med Havila Holding som eigarar.

– Ein av hovudfaktorane for at vi starta på prosessen er formuesskatten, seier han.

Prisen på kjøpet av Fjord1 vil kjøparar og seljar halde hemmeleg.

– Leiinga er tilfreds med at salsprosessen er gjennomført, og ser fram til å utvikle Fjord1 vidare saman med dei nye eigarane, skriv administrerande direktør Dagfinn Neteland i ei pressemelding.

– Må ta ut pengar løpande

Vegard Sævik i Havila Holding meiner norsk skattepolitikk gjer at norske eigarar blir skadelidande i konkurranse med utanlandske.

– Den norske formuesskatten gjer at norske eigarar i kapitalintensive industriar har eit stort handikap samanlikna med utanlandske eigarar. Norske eigarar må ta ut pengar løpande for å betale ein skatt som våre konkurrentar ikkje treng å ta omsyn til, seier han.

Bilferja Korsfjord

Fjord1 er eit selskap med lange tradisjonar langs kysten.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Med salet av Fjord1 er dei fire største ferjeselskapa i landet (Fjord1, Norled, Torghatten AS og Boreal) selt til utanlandske eigarar.

– For kvart enkelt selskap betyr nok ikkje dette så mykje, men det gjer noko med risikovilje og styrke i eigarskapet langs kysten at det er utlendingar som eig viktige næringar i Noreg, seier Vegard Sævik.

– Synd

Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Per Vidar Kjølmoen seier han synest det er synd at Fjord1 no er seld ut av landet.

– Fjord1 var jo MRF (Møre og Romsdal Fylkesbåtar). Eit offentleg selskap som fylkeskommunen eigde for å drive ferjerutene i Møre og Romsdal, og eg synest jo det er litt dumt at ferjereiarlaget no blir selt ut av landet.

Les også Rapport om eigarskapen i Noreg vekkjer uro

Midt-Norsk Havbruk

Kjølmoen skulle heller ønske MRF, som etter kvart vart til Fjord1, var eigd av Møre og Romsdal fylke framleis.

– Selskap som har ein så sterk nasjonal identitet, og som jobbar med å levere anbod på offentleg finansierte tilbod, synest eg burde vere norske, seier Kjølmoen.

Ferjepolitisk Wonderboy Per Vidar Kjølmoen

Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet har engasjert seg sterkt i ferjepolitikk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han meiner uansett at Havila ikkje har grunn til å skulde på norsk skattepolitikk for at dei no har valt å selje. Kjølmoen stadfestar at sjølve formuesskatten er høgare enn i andre land, men meiner den totale formuesbeskatninga ikkje er særleg høg i Noreg samanlikna med andre land i OECD.

– Dersom Sævik hadde budd i USA eller Storbritannia for eksempel, måtte han ha betalt 40 prosent arveavgift når han overførte verdiar mellom generasjonar, seier Per Vidar Kjølmoen (Ap).

Kjølmoen hevdar tvert imot at Noreg har eit balansert skattesystem, og at næringslivet her klarer seg bra. Han seier likevel at han ikkje har sett seg grundig inn i rammebetingelsane til Havila.

– Men eg høyrer kva dei seier, og tar det til etterretning, legg han til.