Hopp til innhold

Fjord1 og Nortura vil ha deg til å ete meir på ferjene

Er du blant dei som tykkjer at maten på ferjene er blitt kjedeleg? Då er du ikkje åleine. Salet av ferjemat har flata ut. Men no vil Fjord1 ha matlysta opp blant ferjepassasjerane.

Ferje mat kiosk

Det var tradisjonell ferjemat å få kjøpt på ferjene på Romsdalsfjorden i dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ferjeselskapet Fjord1 har inngått ein femårsavtale med Nortura. Nortura skal utvikle eit nytt matkonsept på Fjord1-ferjene. Avtalen er verd 100 millionar kroner. Omsetnaden i kioskane på ferjene skal doblast.

Leif Øverland

Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland.

Foto: Hurtigruten Group ASA

– Vi skal forbetre tilbodet til passasjerane våre. Omsetnaden har flata ut. Då er det ikkje noko gale med kundane. Det er varetilbodet det er noko gale med, seier konsernsjef Leif Øverland i Fjord1.

- Kva er det som skal bli betre no?

- Vi skal framleis servere sveler, berre så det er sagt. Men det blir meir lokal mat, det blir meir menyar og det blir mindre kjedeleg fastfood, seier Øverland.

Kva tykkjer du? Likar du ferje-maten?Stem her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ferjepassasjerene skal få uttale seg

Det nye serveringstilbodet skal ikkje innførast over hovudet til ferjepassasjerane. Dei skal få uttale seg. Det skal mellom anna gjennomførast spørjeundersøkingar blant passasjerane. For Nortura er dette ei ny og spennande satsing, seier salsdirektør for Nortura Storkjøkken, Jørn Gunnar Jacobsen.

– Ja, absolutt. Det er ikkje den største marknaden for oss totalt sett. Men det er ein utruleg spennande måte å tenkje på. Passasjerane er kort tid om bord på fleire av overfartsstadene. Vi må finne effektive måtar å servere maten på. Her er det mange utfordringar, og dette er spennande, seier Jacobsen.

Kva slag mat ønskjer du på ferjene? Skriv gjerne om det her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL