Hopp til innhold

Melder stortingsrepresentant til politiet etter nytt Uber-bråk

Ein drosjeeigar i Ålesund melder stortingspolitikar Heidi Nordby Lunde (H) til politiet. I helga oppfordra ho Uber-sjåførane til å køyre på, sjølv om det bryt med lova.

Portrett Trond Hansen

Drosjeeigar og -sjåfør Trond Hansen går no til politiet, og seier han har fått svært mange positive kommentarar frå kollegaer i bransjen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var Klassekampen som først skreiv om stortingspolitikar Heidi Nordby Lunde (H), som oppfordrar Uber-sjåførane til å halde fram drosjekøyringa si, sjølv om det bryt med lova. Poenget er å tvinge fram ei lovendring.

Det har fått drosjeeigar og -sjåfør Trond Hansen i Ålesund til å reagere.

Heidi Nordby Lunde

Stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde (H) ventar på å høyre frå politiet, og vedgår at ho har bedt Uber-sjåførane halde fram i det som beste fall er ein gråmarknad.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg blir irritert på at ho oppfordrar til lovbrot. Ho bagatelliserer det, slik at dei som ho oppfordrar til å køyre sjølve kan kome i ei stor knipe seinare, seier Hansen.

Meld til politiet for oppfordring til lovbrot

Tysdag melde difor Hansen Høgre-politikaren til politiet for brot på §183: "Den som offentlig oppfordrer noen til å iverksette en straffbar handling, straffes med bot eller fengsel inntil 3 år."

– Eg ønskjer ikkje at stortingspolitikarar, som er dei som set premissar i samfunnet med å lage lovar og reglar, går ut offentleg og oppfordrar til å bryte dei, seier Hansen.

Har du fått mange reaksjonar etter at du gjekk til politiet i dag?

Dersom eg hadde fått betaling for talet på "likes", hadde eg vore rik, seier han og viser til alle som har sett Facebook-innlegget som han publiserte tysdag.

Les også:

Høgre-politikar står på sitt

Uber-sjåfører, ikke gi dere. Dette var beskjeden fra Høyre-topp Heidi Nordby Lunde i Klassekampen i dag. Hun oppfordret sjåførene til å fortsette å kjøre og drive med persontransport uten løyve, selv om dette er ulovlig, ifølge politiet. Dette til tross for at hennes eget parti i løpet av fire år i regjering ikke har lagt til rette for at Uber-sjåfører kan kjøre innenfor loven.

Stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde forsvarte synet sitt i Dagsnytt 18 på P1 måndag ettermiddag.

Det vekte oppsikt då stortingspolitikaren frå Høgre nyleg gjekk ut og oppmoda Uber-sjåførane til å drive det ho kalla sivil ulydnad for å tvinge fram ei endring. Frå før er det kjent at både politiet og departementet meiner køyringa er ulovleg, fordi yrkestransportlova krev at den som driv persontransport mot vederlag også skal ha løyve.

Lunde sa til Klassekampen at ho sjølv brukar Uber, og vil halde fram med det. I Dagsnytt 18 på P1 måndag ettermiddag forsvarte ho utspelet.

– Eg har sagt dei skal halde fram ei verksemd, som i beste fall er i gråmarknaden. Så får vi vente på ei omregulering. Sjølv politimeldinga vil eg vurdere når ho kjem, seier Lunde til NRK tysdag kveld.

Usemje om Uber-køyringa

Det har lenge vore strid rundt drosjekøyringa til Uber-sjåførane. Over 150 000 menneske har ifølgje Klassekampen lasta ned appen og registrert bankkortet sitt, og dermed sikra seg billigare drosjetransport.

Norges Taxiforbund har svart med å melde over 100 Uber-sjåførar i Oslo-området til politiet.

Den uventa motstanden frå stortingspolitikar Lunde likar dei dårleg.

Eg synest det er etisk heilt forkasteleg at ho går ut på denne måten. Ho oppfordrar folk aktivt til å gjere lovbrot. Det burde ho halde seg for god til, seier Jens Christian Myhre i Norges Taxiforbund i Oslo.

Det er Majorstuen politistasjon i Oslo som har mottatt politimeldinga, og ingen der kan måndag kveld kommentere kva som no skjer vidare med saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL