Hopp til innhold

Taxisjåførar rasar mot Avinor: – Vi har ikkje tenkt å gi oss på dette her

Taxisjåførane reagerer på Avinors nedprioritering av fossile taxiar. – Nokon går konkurs snart, meiner taxisjåfør.

Terje Hugo Hansen

Terje Hugo Hansen køyrer dieselbil og reagerer sterkt på at Avinor nedprioriterer dei fossile taxisjåførane i så stor grad.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

– Det er eit stort økonomisk tap for oss, seier Terje Hugo Hansen om Avinor sin kvotering av eltaxiar.

Hansen køyrer ein fossil taxi, og han opplever å bli nedprioritert av Avinor.

Nord-Jæren har sett eit mål om at taxinæringa i fylket skal vere heilt utsleppsfri frå 1. mars 2026. For å bidra til dette, har Avinor sett i gang eit pilotprosjekt på Stavanger lufthamn.

Nullutsleppskøyretøy skal prioriterast i eit turtildelingssystem for taxiar.

I dette turtildelingssystemet har Avinor, i samråd med Norges Taxiforbund, bestemt ein kvoteringsregel på 40 prosent eltaxiar.

I praksis betyr det at dersom det kjem inn ein elbil og ein fossil bil på taxidepotet samtidig, vil elbilen prioriterast framfor den fossile bilen i ein 40 prosents rate.

Terje Hugo Hansen

Hansen meiner Avinor bryt 40 prosent-regelen.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Hansen meiner likevel at Avinor prioriterer langt over desse 40 prosentane.

– Avinor gir blanke i 40 prosent-regelen. Opp mot 80 prosent av taxiane på haldeplassen er elbilar, seier Hansen.

Inn som nummer 13, ut som nummer 57

– Eg har dokumentasjon på at andelen er mykje høgare enn 40 prosent i realiteten. Eg skriv ned kvar gong eg køyrer inn og kvar gong eg får køyre ut igjen, seier Hansen.

Slik har han halde på i omtrent to år.

NRK blei med Hansen på den første morgonturen til Stavanger lufthamn.

Vi køyrde inn på taxiparkeringa som nummer 13. Og vi køyrde ut igjen som nummer 57.

– Hadde vi følgt eit vanleg køsystem, skulle eg køyrt ut som nummer 13, seier Hansen.

Taxidepoet ved Stavanger lufthavn.

Fleire taxisjåførar reagerer på turtildelingssystemet til Avinor ved Stavanger lufthamn.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

– Urettferdig

Dei fossile sjåførane får sympati av elbil-kollegaene sine.

– Dei må vente i lang, lang tid. Det er urettferdig, seier Larus Sigurdsson.

Larus Sigurdsson

Elbil-sjåfør Larus Sigurdsson synest Avinor sitt turtildelingssystem er urettferdig.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Sigurdsson er også taxisjåfør, men han køyrer elbil.

Han meiner at dei fossile taxisjåførane slit som følge av Avinors turtildelingssystem.

– Nokon går konkurs snart, seier Sigurdsson.

– 40 prosent-regelen gjeld

– Det er ein del av å vere med å stimulere næringa til å bli utsleppsfri.

Det seier Anette Sigmundstad, lufthamndirektør på Stavanger lufthamn, om Avinor sitt pilotprosjekt.

Anette Sigmundstad

Lufthamndirektøren har høge ambisjonar når det gjeld nullutsleppskøyretøy.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Ho avviser at prioriteringa av elbilar har auka.

– 40 prosent-regelen gjeld.

Sigmundstad seier at det er mange element som kan spele inn på kvifor Hansen kom inn som nummer 13 og ut som nummer 57.

– Dersom han kom inn samtidig som éin eller fleire eltaxiar, vil det vere ein reell konsekvens av prioriteringa på 40 prosent.

Hadde det berre vore opp til Avinor, hadde prioriteringa av eltaxiar vore enda høgare.

– Vi skal ikkje legge skjul på at vi har enda høgare ambisjonar knytt til kor stor del vi ønsker å prioritere av nullutsleppskøyretøy, men i samråd med næringa har vi landa på desse 40 prosentane, seier Sigmundstad.

Og i vår skal Avinor ha ei evaluering av pilotprosjektet.

– Reelt sett vil vi nok tenke og synest at dette er ei positiv utvikling for næringa. Vi vil sjå kva erfaring vi kan ta vidare til dei andre lufthamnene, seier Sigmundstad.

Auke i utsleppsfrie taxiar

Dei siste to åra har det vore ein auke frå 23 prosent til 75 prosent utsleppsfrie taxiar.

Sigmundstad trur denne auken påverkar opplevinga til taxisjåførane.

– Reelt sett kan dei nok oppleve at dei ventar lenger, sjølv om ordninga er sett på 40 prosent.

Sjølv med 75 prosent utsleppsfrie taxiar på vegane, ønsker ikkje Avinor å fjerne 40 prosent-regelen.

– Vi ønsker at kunden skal ha høve til å velje mest mogleg utsleppsfritt når dei reiser frå flyplassen.

Hansen har ikkje same syn som Avinor, og han er klar på at det ikkje burde vore noka forskjellsbehandling på dei utsleppsfrie og dei fossile taxiane.

– Det er så få fossile taxiar igjen uansett.

Taxidepoet ved Stavanger lufthavn

Store delar av taxiparkeringa ved Stavanger lufthamn består av utsleppsfrie taxiar.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Må bort frå vegane våren 2026

Frå 1. mars 2026 vil det ikkje vere lovleg med andre taxiar enn utsleppsfrie på vegane på Nord-Jæren.

Fram til den nye regelen trer i kraft, er Hansen klar på at det bør prioriterast likt mellom fossilbilar og utsleppsfrie bilar i taxinæringa.

– Fram til mars 2026 er vi like lovlege på vegane. Vi har ikkje tenkt å gi oss på dette her, seier Hansen.

Terje Hugo Hansen

Hansen har ingen planar om å erstatte dieselbilen sin med ein elbil.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK