Hopp til innhold

Meieriet i Ørsta er berga - dei 50 tilsette beheld jobbane

Meieriet i Ørsta er berga og dei nesten 50 tilsette beheld dermed arbeidet inntil vidare. Tine har tidlegare vurdert å leggje ned meieriet.

Tine Meieriet Ørsta

Dei om lag 50 tilsette i Ørsta får halde fram arbeidet inntil vidare. Det avgjorde Tine onsdag.

Foto: Benedicte Berknes / NRK

Tine fekk tidlegare i vår utarbeidd ein rapport som viste at selskapet kunne spare 70 millionar kroner dersom dei endra produksjonen. Eitt av tiltaka for å kome i mål var å leggje ned meieriet i Ørsta.

Men i dag er forslaget førebels skrinlagt.

Lizz Trine Hegdal Amoroso

Tillitsvald Lizz Trine Hegdal Amoroso er glad for at arbeidsplassane i Ørsta er berga inntil vidare.

Foto: privat

– Nei, det syns eg er kjempebra. Vi har mulegheiter framover for å kunne utvikle nye produkt, i tillegg til at vi kan ha fleire andre typar produkt, seier tillitsvavld Lizz Trine Hegdal Amoroso, og legg til at gleda har ein viss bismak, sidan kollegaene i Hardanger no misser arbeidet.

Les også:

Skal spare 69 millionar årleg

Tine sende onsdag ettermiddag ut ei pressemelding der dei skriv at dei no vil gjennomføre endringar som medfører årlege kostnadsreduksjon på 69 millionar kroner.

  • Meieriet i Hardanger blir lagt ned, og all kremostproduksjon samla i Ørsta.
  • I tillegg blir brunostproduksjonen i Elnesvågen i Fræna og Ørsta flytta til andre meieri.
  • Elnesvågen blir bygd om til produksjon av skorpefri ost når produksjonen av Jarslberg for eksport sluttar, truleg rundt 2020.

Usikker framtid

Tine har tidlegare varsla at Jarlsbergosten ikkje lenger skal produserast i Fræna, fordi selskapet vil flagge ut produksjonen. Dette har vekt sterke reaksjonar.

Heller ikkje i Ørsta er dei sikre på korleis framtida blir. Amoroso vedgår at arbeidsplassane ikkje er berga for alltid.

– Nei, det er vanskeleg å seie, men ei god stund vil det nok bli.