Tine gjer endringar ved meieria i fylket

Tine vurderar å legge ned meieriet i Ørsta men satser ved Tine sitt meieri i Elnesvågen i Fræna.

Tine meieri Ørsta

Tine meieri i Ørsta kan bli lagt ned.

Foto: Benedicte Berknes

Tine har fått utarbeida ein rapport som viser at selskapet kan redusere dei årlege kostnadene med 70 mill. kroner ved å optimalisere produksjonen sin. Meieriet i Ørsta er ein av fabrikkane som må betale prisen for innsparingane.

Nesten heile produksjonen i Ørsta er foreslått flytta til andre avdelingar, og endeleg avgjerd kjem i slutten av juni. Tillitsvald Lizz Trine Hegdal Amoroso trur dei neste to månadene blir tunge for mange.

– Ventetida blir nok ikkje enkel. Mange har jo hus og heim, og det hjelp heller ikkje at arbeidsløysa rundt oss aukar, seier ho.

Dei rundt 50 tilsette ved Meieriet i Ørsta risikerer dermed å miste jobben.

– Nyheita blei møtt med sterke reaksjonar. Det viktigaste no er at nyheita får søkke inn, og så må vi rett og slett ta det som det kjem, men vi har eit håp, seier Hegdal Amoroso.

Forsiktig optimisme i Elnesvågen

Fylkeskontakt i Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund, Hans Bjarne Tennøy i Elnesvågen, seier det er trassig at så mange misser arbeidet, men håper det kan skje mest mogleg med naturleg avgang.

Hans Bjarne Tennøy

Fylkeskontakt i næringsmiddelarbeiderforbundet, Hans Bjarne Tennøy, beklagar at arbeidplassar forsvinn, men gler seg over satsing i Elnesvågen.

Foto: Gunnar Sandvik

Ved Tine sitt meierianlegg i Elnesvågen skal det investerast 400 millionar kroner i omstilling og nytt produksjonsutstyr, men også der forsvinn truleg 17–18 arbeidsplassar.

– Det er nok mange som ikkje har det så bra akkurat no. Samtidig er det trasig for dei som blir ramma. Det er klart at det er verre for dei i Ørsta, seier Tennøy.

Trass i dette er både han og meierisjefen Svein Arne Bjørgum, forsiktige optimistar.

Svein Arne Bjørgum

Svein Arne Bjørgum er meierisjef ved meieriet i Elnesvågen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er absolutt optimistar. Sjølv om vi må nedbemanne etter kvart så blir det satsa på Elnesvågen. Det er mykje mjølk på Nordmøre og Romsdal, og den skal i hovudsak foredlast her på Elnesvågen, seier han.

Dersom konsernstyret i Tine før sommaren vedtek forslaga i rapporten, blir det stor satsing i Fræna. Alt produksjonsutstyret skal skiftast ut for å legge om til kvitostproduksjon. Mellom anna edamerosten, som no blir laga i Ørsta, skal produserast i Elnesvågen.

– Vi har følt litt på uvissa dei siste åra, så det er greitt å få bekrefta at Tine har oss i tankane i lang tid framover, seier Tennøy.

Jarlsbergostproduksjon i Elnesvågen

Jarlsbergostproduksjonen i Elnesvågen forsvinn når eksportsubsidiane blir fjerna i 2020.

Foto: Gunnar Sandvik

Rapporten til Tine foreslår følgande endringar:

  • Meieriet i Elnesvågen byggjast om til produksjon av skorpefri hvitost i blokk og småostproduksjon for innanlandsmarknaden.
  • Småostproduksjonen i Ørsta flyttast til Elnesvågen.
  • Brunostproduksjonen i Elnesvågen flyttast til Byrkjelo.
  • Brunostproduksjonen i Ørsta flyttast til Lom & Skjåk og Byrkjelo.
  • kvitostproduksjonen i Ørsta blir avvikla.
  • Meieriet på Voss leggjast ned, produksjonen av kvitost blir flytta til Jæren og Byrkjelo.
  • Samling av all kremostproduksjonen i TINE og nedlegging av eitt av meieria i Hardanger eller Ørsta, men det ligg så langt ikkje føre ei anbefaling om kva for eit.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.