Hopp til innhold

MDG-politikar kan gi fleirtal for milliardveg – trua med eksklusjon frå partiet

John John Bruseth kjem sannsynlegvis til å røyste for det kontroversielle gigantprosjektet Nordøyvegen. Røysta kan bli heilt avgjerande for å sikre ja-fleirtal. Det er ikkje populært i Miljøpartiet Dei Grøne.

John John Bruseth

OPPLEVER HETS: John John Bruseth, MDG sin einaste representant i fylkestinget i Møre og Romsdal, går utanfor partiprogrammet og er positiv til realiseringa av Nordøyvegen. Det har gjort at Bruseth har fått meldingar med hets frå andre i MDG.

Foto: De Grønne

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter at Bruseth antyda i Sunnmørsposten at han kunne kome til å røyste ja til vegen begynte det å tikke inn meldingar på telefonen hans.

Meiningane var mange. Ein del meldingar inneheldt hets frå partifellar i MDG.

Enkelte meinte også at Bruseth, som er partiets einaste representant i fylkestinget i Møre og Romsdal, bør ekskluderast frå partiet.

Forstår motstanden

Og MDG-politikaren har ingen problem med å forstå motstanden.

– Det ligg i heile MDG sin natur at vi seier nei til veg. Førre gong saka var oppe i fylkestinget røysta eg nei, på bakgrunn av partiprogrammet, seier Bruseth til NRK.

Men no ser han annleis på saka.

– Eg var fersk den gongen. I ettertid har eg forstått meir om kva Nordøyvegen handlar om. Til dømes den menneskelege faktoren som gjer at folk føler dei blir haldne for narr.

John John Bruseth siktar til at milliardprosjektet som skal gi fastlandssamband til ca. 2700 personar allereie både er vedteke og starta opp.

Nordøyvegen

NORDØYVEGEN: Det gigantiske vegprosjektet skulle eigentleg koste 3,8 milliardar kroner. Seinare er ramma auka til 4,9 milliardar. Dei siste opplysingane frå fylkesrådmannen viser at prisen no kan auke til 5,6 milliardar kroner.

Foto: NRK

Daudt løp om vegstopp

Men no skal saka opp på nytt, og kva Bruseth røystar ser ut til å bli heilt avgjerande for om vegen blir realisert eller ikkje.

I utgangspunktet gjekk det mot eit klart fleirtal for at Møre og Romsdal skulle vedta realiseringa av Nordøyvegen, Møre og Romsdal si dyraste investering nokon gong, 10. desember. Men fleire og fleire meiner prosjektet blir for dyrt og har derfor skifta meining. Dei siste oppteljingane viser at det kan bli så godt som daudt løp i fylkestinget.

Bilde av skilt for Nordøyvegen

VEDTATT TIDLEGARE: Nordøyvegen er vedtatt tidlegare og arbeidet er allereie godt i gang. Men

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men skuldingane om at han kan bli ekskludert frå partiet tek John John Bruseth med stor ro.

– Det ser ut som nokre vil ekskludere meg. Men folk i Møre og Romsdal kan ikkje ekskludere meg utan å gå om landsstyret, og det veit eg er tidkrevjande, seier Bruseth, som sjølv har sete fire år i landsstyret.

– Høg terskel i MDG

Fungerande partisekretær i MDG, Torkil Vederhus, seier at det er ingenting som tyder på at John John Bruseth blir ekskludert frå partiet.

Torkil Vederhus

Fungerande partisekretær i MDG, Torkil Vederhus.

Foto: Monica Løvdahl

– Vi har veldig høg terskel for å ekskludere folk frå partiet. Vi har aldri gjort det tidlegare basert på slike saker, fortel Vederhus.

Han tek avstand frå hetsen Bruseth har fått og ber folk behandle kvarandre med respekt.

– Vi er veldig skeptiske til vegprosjekt og meiner pengar kan brukast på betre måtar. Men det er lov å vere ueinig også i MDG, og då må vi løyse det på betre måtar enn å true kvarandre, seier partisekretæren.

John John Bruseth

STÅR FOR MEININGANE SINE: John John Bruseth skulle helst ha sett at enkelte partifellar ikkje hetsar han for meiningane sine, men han har ingen planar om å la seg påverke. – Røystar eg ja skal eg stå for kvar centimeter av vegen, varslar MDG-politikaren.

Foto: De Grønne