Hopp til innhold

– Mayday-meldinga var truleg falsk

Hovudredningssentralen konkluderer med at meldinga om «mayday» ved Ålesund i går var falsk. Naudmeldinga utløyste ein omfattande redningsaksjon.

Sea King søker etter mayday-signal

Her flyg redningshelikopteret i området ved Ålesund søndag etter at det blei fanga opp ei melding om «mayday».

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Like etter klokka 17.00 søndag ettermiddag fanga Florø Radio opp to meldingar om «mayday» i området kring Ålesund. Ordet «mayday» er eit internasjonalt beredskapsord som blir brukt som kallesignal når nokon er i akutt naud på havet. Naudmeldinga blir sendt på kanal 16 på VHF-sambandet.

Når ein kystradiostasjon fangar opp eit slik naudmelding, utløyser dette full aksjon frå naudetatane. Slik var det også i går, der rednigshelikopter, ambulansehelikopter, redningsskøyter, brannvesen, politi og ei rekkje privatbåtar deltok. Aksjonen blei avslutta etter nokre timar, utan at det blei funne nokon som var i naud. No konkluderer Hovudredningssentralen med at naudmeldinga var falsk.

Vi trur dette var ei falsk naudmelding. Dersom folk verkeleg er i naud gjev dei jo beskjed om kvar dei er, seier redningsleiar Eric Willassen ved Hovudredningssentralen.

Omfattende aksjon ble satt igang etter mayday-anrop i Ålesund.

– Feil disponering av ressursar

Det er ikkje gjort noko utrekningar på kva ein aksjon som gårsdagens kostar. Kostnadene er heller ikkje det mest alvorlege, ifølgje Hovudredningssentralen. Det mest alvorlege er at ressursar blir bundne opp på ein situasjon som ikkje er reell, medan det kan oppstå parallelle reelle naudsituasjonar.

Det mest alvorlege er at vi må bruke ressursar på noko som ikkje er reelt når det kanskje oppstår reelle naudsituasjonar andre stader der det er behov for desse ressursane, seier redningsleiar Siv Namork ved Hovudredningssentralen.

– Har meldt saker til politiet

Ifølgje Hovudredningssentralen registrerer dei eit par falske «mayday»-meldingar i året. Berre i eit fåtal tilfelle har det skjedd at Hovudredningssentralen har meldt slike falske meldingar til politiet.

– Det har skjedd tidlegare at slike falske naudmeldingar har blitt melde til politiet. Vi har ikkje nokon måte å etterforske slike falske naudmeldingar på, seier Namork.

– Neppe folk med VHF-kurs

Det er via VHF-radio at sjøfarande melder frå om naudsituasjonar. Dei som brukar VHF-radio skal ha gjennomgått opplæring, ha VHS-sertifikat og konsesjon for bruk av radioen. Dette fører til at kvar innehavar får eit kallesignal.

Eg tvilar på at folk som har vore på kurs sender falske «mayday»-meldingar., seier Willassen til NRK. Han legg til at det går an å kjøpe VHF-radio i utlandet utan registrering og konsesjon. Nokre kjøper også brukt båt med ferdig installert VHF-radio utan å ha dei naudsynte løyva til å bruke VHF-radioen.