Hopp til innhold

Sendte ut naudvarsel til alle landets mobiltelefonar

Klokka 12 ula landets mobiltelefonar da naudvarselet «viktig melding - søk informasjon» blei sendt ut.

Test av nødvarsel på mobil

NAUDVARSEL: Onsdag 10. januar klokka 12 går naudvarsel på mobilen din igjen med meldinga «viktig melding – søk informasjon».

Naudvarsel på mobil skal gjere oss kjent med korleis det kan opplevast å få eit naudvarsel.

I tillegg skal det sikre at systemet fungerer som det skal.

– Testen er lagt opp til å vere så lik som mogeleg ein reell situasjon, men at teksten i sjølve varselet vil vere forskjellig.

Det seier direktør i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Elisabeth Aarsæther.

Også justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier det er viktig at ein kan varsle om ei potensiell krise raskt og tydeleg i heile landet.

Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier det er viktig at fleire sørger for å ha oppdatert programvare på mobiltelefonen sin slik at endå fleire kan få naudvarsel.

Foto: William Jobling / NRK

Den nye moglegheita er eit stort løft for samfunnstryggleiken, noko som er ekstra viktig i den tryggingspolitisk krevjande situasjonen me no er i. Rask og sikker kommunikasjon om fare eller krise til befolkninga gir meir tryggleik, seier Enger Mehl.

Forhåpentlegvis ular også telefonen din klokka 12 onsdag.

Les også Klokka 12 i dag skulle det ula over heile landet – mange fekk ikkje varsel

Test av nødvarsel

Mange fekk ikkje varsel sist

Naudvarselet skal gå ut til alle nyare og oppdaterte telefonar som er kopla på 4G eller 5G.

Varselet blir sendt ut som eit radiosignal og mobiltelefonen må difor vere av ein nyare type og ha siste oppdatering for å kunne ta imot dette signalet.

Men då naudvarselet blei testa førre gong, 14. juni 2023, var det mange som ikkje fekk varselet på sin mobiltelefon.

Vi undersøkte mange av desse tilfella nærmare, og hovudårsakene til manglande mottak var anten at telefonen var for gamal eller at han ikkje hadde dei naudsynte oppdateringane, forklarar Aarsæther.

Elisabeth Aarsæther direktør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) veter spent på testen av nødvarsel på mobil 10. januar 2024.

Direktør i DSB, Elisabeth Aarsæther, vil presisere viktigheita av å ha ein oppdatert telefon for å kunne ta imot naudvarsel denne gongen.

Foto: Øystein Otterdal/NRK / NRK

Undersøkingar i etterkant av testen i juni viser at 78 prosent av befolkninga fekk naudvarselet.

Vi såg etter førre test at mange vi var i dialog med trudde dei nyleg hadde oppdatert telefonen. Men då vi undersøkte nærare såg vi at oppdateringane ikkje var så nyleg likevel.

Spesielt var det mange unge som hadde nye mobiltelefonar, men eldre programvare, legg Aarsæther til.

Så for å få varselet denne gongen må du ha heilt oppdatert telefon. Det er ikkje nok å berre laste ned ei oppdatering, du må også installere ho. Og for ikkje å få varselet må du ha mobiltelefonen skrudd av eller i flymodus.

Varslar for at du skal søke informasjon

To gongar i året testar sivilforsvaret sitt varslingsanlegg. Den andre onsdagen i månadane januar og juni, ular tyfonar over heile landet.

Dette skjer samtidig som naudvarselet på mobil skal testast.

Ettersom både tyfonane og naudvarsel på mobil er ein del av Noreg si befolkningsvarsling, er det naturleg å teste desse samtidig.

Anlegget blir testa for å avdekke tekniske feil og for å gjere folk kjent med lyden og signalet.

Signalet består av tre seriar med tuting med pause på eitt minutt mellom seriane.

Det betyr at du skal søke informasjon som til dømes blir gitt på radio, TV og myndigheitene sine nettsider.

Sivilforsvaret tester tyfon-anlegg

Samtidig som naudvarselet på mobil skal testast, går ein alarm i Sivilforsvaret sine tyfonar.

Foto: Midtnytt / NRK