Hopp til innhold

Klokka 12 i dag skulle det ula over heile landet – mange fekk ikkje varsel

Over 6 millionar mobiltelefonar og 1200 sirener skulle ula då naudvarselet vert testa for første gong. Mange fekk ikkje varselet.

Test av nødvarsel

VARSLING: Slik skulle det ha sett ut klokka 12 i dag. Men fleire fekk ikkje varsel.

Foto: NRK

Naudvarsel via mobil skal varsla befolkninga om akutte og alvorlege hendingar som trugar liv og helse.

Og i dag klokka 12, i om lag 10 sekund, skulle det pipa i omtrent alle mobiltelefonar i Noreg.

Men ikkje alle fekk varsel. Tipsarar frå fleire plassar i landet seier at mobiltelefonane deira ikkje ula. Tipsarane har ulike mobiltelefonar og ulike operatørar.

Fekk du varselet på mobilen din?

– Her var det stille som i grava, seier Esther-Marion Vold frå Hønefoss.

Hennar telefon var oppdatert. Heller ikkje mannen hennar fekk noko som helst varsel på telefonen, fortel ho.

Fekk ikkje lyd

Andrea Skjæringrud og venninna åt lunsj i Mandal sentrum da varslinga gjekk.

De fekk med seg at andre i området fekk varsel på sine telefonar. Men sine eigne mobilar haldt fram med å vera lydlaus.

– Vi tenkte litt på det, at det var litt rart. Om det kjem seinare, eller om det berre var tilfeldig, seier Skjæringrud.

mobilvarslin gmandal

FEKK IKKJE VARSEL: Verken Andrea Skjæringrud (til høgre) og venninna fekk varsel på mobilen.

Foto: Kristin Olsen / NRK

Fleire rapporterer også om ulike formar for varsling.

Nokon fekk varsel på engelsk, andre på norsk. I tillegg seier ein tipsar til NRK at mobilen ikkje lagde lyd.

Over 6 millionar mobiltelefonar og 1200 sirener skulle ula då naudvarselet vert testa for første gong. Mange fekk ikkje varselet.

Over 6 millionar mobiltelefonar og 1200 sirener skulle ula då naudvarselet vert testa for første gong. Mange fekk ikkje varselet.

– Eg fekk varsel, men mobilen min lagde ikkje noko lyd, seier Susanne Granås.

Ho var på Oslo S då testen vart gjennomført.

Den finske turisten Sofia er i Bergen på ferie, og fekk varselet.

– Er det første gong i Noreg? I Finland har me hatt slike testar i mange år, seier ho.

I Ålesund var belgiske George Vanderbrendt nøgd med å få varsel.

– Eg trur eg ville ha følt meg trygg om det var ein ordentleg naudssituasjon. Men, eg trur eg berre fekk på norsk og ikkje på engelsk, seier han.

DSB oppmodar befolkninga om å gje tilbakemelding på testen via eige skjema på deira nettsider.

Finske sofia

Finske Sofia fekk høyra om testen på ein restaurant. Denne testinga har vore gjort i Finland i mange år.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Undersøkjer saka nøye

DSB-direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther seier til NRK at varslinga no skal verta undersøkt grundig.

– Mange har fått varselet, medan nokre ikkje har fått det. Me håpar at folk vil melda det tilbake til oss slik at me får undersøkt dette nærmare, seier ho.

Ein vanleg feil er at telefonen ikkje er oppdatert.

På sidene om naudvarsel på DSB ligg det ei oppskrift på kva ein må gjera.

– Inntrykket er at varselet har slått ned mange stader. Men no skal me undersøkja denne testen nøye, seier ho.

Klokka 12 på onsdag vil mobiltelefonar begynne å ule når myndigheitene skal testa ut det nye varslingssystemet. 

Klokka 12 på onsdag vil mobiltelefonar begynne å ule når myndigheitene skal testa ut det nye varslingssystemet. 

Mange millionar skulle ha hatt varsel

Samstundes med lyd skulle det dukka opp eit varsel på telefonen.

Tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at det no er over 6 millionar mobilabonnement i Noreg.

Slik såg det ut på ein telefon i dag, under testen.

Dette varselet fekk mange på telefonen i dag.

Foto: Rushda Syed / NRK

Fagdirektør Bjørn Erik Eskedal i NKOM seier dei ikkje har nøyaktige tal på aktive telefonar i Noreg til ei kvar tid, men at dei anslår mellom 5,5 til 6 millionar.

I tillegg til mange millionar norske mobilar, kjem telefonane til alle turistane som til ei kvar tid er i landet.

Dermed skulle det ha vore ein solid pipekonsert over store deler av Noreg klokka 12.

Erna Solberg selfie med asiatiske turister

Millionar av utanlandske turistar vitjar Noreg kvart år. Mange av turistane vil også få naudvarsel. Her under opninga av Bergen lufthavn Flesland i 2017.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Også lyd frå Sivilforsvaret sine anlegg

Samstundes som mobiltelefonar får alarm i om lag 10 sekund, gjekk også alarmen på Sivilforsvaret sine 1.250 varslingsanlegg rundt om i Noreg.

Desse er plasserte i byer og tettstader rundt omkring i landet, ifølgje Sivilforsvaret.

Sivilforsvaret tester tyfon-anlegg

Samstundes som mange millionar mobiltelefonar skal ula, skal også sivilforsvaret sine 1.200 tyfonar også gje alarm klokka 12.

Foto: Midtnytt / NRK

– Ein så omfattande varslingsprøve vil ein høyra godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samstundes. Del gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test, skriv Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) i ei pressemelding.

For å unngå varselet må telefonen stå i flymodus eller vera heilt skrudd av.