Hopp til innhold

Måtte rykka ut til alle desse øyene

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hovudredningssentralen fekk i går melding om ein båt som sokk ved Langøy. Det enda med at dei måtte rykka ut til fem ulike øyar med omtrent same namn.

Alarmen som Hovudredningssentralen (HRS) fekk inn natt til torsdag var truleg falsk. Men den knappe beskjeden utløyste ein svær leiteaksjon, skriv Stavanger Aftenblad på nett.

«Mayday! eg søkk ved kai, Langøya» var beskjeden som kom over naudfrekvensen. Meir kom ikkje.

Fem ulike øyar

Utfordringa til Hovudredningssentralen blei derfor stor, med tanke på at det er fem ulike øyar med namn «Langøy» eller «Langøya» i området rundt Boknafjorden.

– Me tar alle naudsignal på alvor og brukar dei ressursane me har til å sjekka dei ut, fortel Jarle Øversveen, avdelingsdirektør i HRS, til avisa.

Derfor blei eit Sea King redningshelikopter, brannbåten «Vektaren», ein hurtigbåt, fartøyet Nordmand Clipper, motorferja Ullensvang og andre båtar i området involvert i leitinga.

Det blei gjort søk ved alle dei fem ulike øyane, men ikkje gjort funn.

Kan bli bot

Mykje tyder på at meldinga i går var falsk, noko HRS ser svært alvorleg på.

– Ein ting er dei økonomiske ressursane som blir brukt på ein slik redningsaksjon. Men endå verre er misbruket av redningsressursane. Båtar, helikopter og mannskap blir utilgjengelege for å rykka ut til andre, reelle hendingar, seier han.

HRS har kontakt med politiet i saka, og opplyser om at varslaren kan få ei bot på hundretusenar kroner, dersom han blir tatt, og det viser seg at dette er falsk innringing med overlegg.

Vanleg problemstilling

– At mange ulike stader har same namn er ei problemstilling me er oppe i ofte. Derfor er det veldig viktig for redningsleiarane å få ut mest mogleg informasjon om kor dei som ringer er. I dette tilfellet, kvifor ei Langøy, seier Øvresveen.

Denne gongen fekk dei ikkje meir info enn Langøy, før samtalen blei broten.

– Sjølv om me heldt ei av øyane meir sannsynleg enn dei andre, kan me ikkje sjå vekk frå noko, seier han.

HRS har eit stort dekningsområde. Dersom ei mobillinje bryt før dei har ein sikker lokasjon, må dei i somme tilfelle sjekka opp nummeret for å sjå kva del av landet innringaren kjem frå.

Det finst også andre måtar for lokalisering.

Om varslinga kjem via maritim VHF kan ein oppdaga kva sendar signalet kjem sterkast frå fortel Øversveen.