Hopp til innhold

Falsk "mayday" utløyste storaksjon

Store styrkar leita i morgontimane laurdag etter ein båt i naud utanfor Sula. Hovudredningssentralen konkluderer med at det var falsk alarm.

Helikopter
Foto: Gunnar Iversen

Alarmen gjekk då Hovudredningssentralen oppfatta eit rop om hjelp på naudsambandet i 6.30-tida laurdag morgon. Etter kort tid var både redningsskøyta, brannvesenet, eit ambulansehelikopter og seks-sju privatbåtar i søk i området rundt Eltrane i Sula.

- Falsk alarm

Redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg

Redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen.

Foto: Anders Bang-Andersen

Ifølgje Hovudredningssentralen kom det så ny melding på naudsambandet rundt klokka åtte, denne gongen om at den første meldinga berre var falsk alarm.

- Det er ein mann som har grunn til å vere lite stolt av seg sjølv i dag. Det er veldig uheldig med falske alarmar som utløyser store redningsaksjonar, seier redningsleiar Ola Vaage.

Les også:

Samanlikna stemmene

For etter å ha gjennomsøkt området er det ikkje funne nokon båt i havsnaud. Og Vaage kjenner seg trygg på at det var same mann som brukte naudsambandet begge gongane.

- Vi spelte av den første meldinga der det blei sagt "mayday, eg er i naud", og samanlikna med den siste, og mykje tyder på at det er same person. Vi reknar dermed med at det er falsk alarm, seier redningsleiar Ola Vaage.

Får neppe føljer

Men det er lite Hovudredningssentralen kan gjere med saka. Han meiner dei står makteslause når slikt skjer.

- Vi er avhengige av vitne, seier Vaage. Han opplyser at dei får falske alarmar frå tid til anna, gjerne i samband med at folk er på fest.