Personen blei arrestert på Stette i Skodje.
– Ein mann i 30-åra blei arrestert klokka 14.28, seier Haram-lensmann Øyvind Verpeide til NRK.
Arrestasjonen skjedde utan dramatikk.
NRK følgjer saka.
Opplysningar frå publikum
Mannen blir no transportert til Ålesund, der han skal avhøyrast i løpet av ettermiddagen og kvelden.
Mannen er sikta for forsøk på grovt ran, etter at han seint måndag kveld
. Mannen var væpna med både skytevåpen og kniv.- Les også:
- Les også:
Utover tysdagen tikka tipsa inn, og politiet gjekk for nokre timar sidan ut og etterlyste ein tynn og hengslete mann.
– Vi fann han etter opplysningar vi fekk i løpet av ettermiddagen. Vi fekk henta han inn, og er letta over å få oppklara saka såpass raskt, seier Verpeide.
Saka held fram under bildet.
– Mannen er ein kjenning
Mannen i 30-åra er folkeregistrert i Haram kommune, og er ifølgje Verpeide ein kjenning av politiet.
– Ja, han er registrert med ein god del saker hos politiet frå før. Eg har ikkje oversikt over eksakt kva saker det er. Forskjellige forhold, fortel lensmannen.
Per no kan ikkje Verpeide slå fast om ranet var planlagt eller ikkje.
– Det er for tidleg å seie noko. No blir han avhøyrt først, og så får vi ta det vidare ut frå forklaringa.
Åstaden ferdiggranska
Etter ranet seint måndag kveld var Statoil-stasjonen i Brattvåg lenge stengt.
– Vi er ferdig på åstaden no, og Statoil opna igjen for nokre timar sidan, slår Verpeide fast.
Etter arrestasjonen har politiet òg ransaka mannen sin bustad, men lensmannen har ikkje på det reine om noko av interesse blei funne der.