Hopp til innhold

Får samfunnsstraff etter å ha forsøkt å rane bensinstasjon

Då han gjekk tom for alkohol, og mangla pengar, bestemte han seg for å rane bensinstasjonen like ved med maske og gevær. No er han dømd til samfunnsstraff.

Statoil Brattvåg

Politiet har brukt halvanna år på å etterforske ransforsøket i Brattvåg, trass i at gjerningsmannen sjølv melde seg dagen etter.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

Den 32 år gamle skodjemannen må bu seg på 360 timar samfunnsstraff etter å ha forsøkt å rane ein bensinstasjon i Haram hausten for to år sidan.

Væpna med gevær og kledd med maske, gjekk han til angrep på mannen som var på arbeid i Haram denne ettermiddagen.

Han fekk ikkje med seg pengar, men trua mannen på livet.

Vedgjekk ransforsøket

32-åringen forklarte i retten at han køyrde utfor vegen då han forlèt bensinstasjonen, og deretter gjekk heim og la seg. Men allereie i politiavhøyret vedgjekk han straffskuld, og dette gjentok han i retten.

Han forklarte at han hadde trua mannen bak kassa med luftgevær, og deretter slo han med geværkolben.

Talde ned

I retten forklarte mannen bak disken at den tiltalte 32-åringen var aggressiv og ropte, og at han var redd og frykta for livet. Han heldt geværet mot han og talde ned for å få utbetalt pengar. Då det ikkje lukkast, kom han bak disken, og slo han i låret med geværkolben, før han på nytt talde ned.

I det 32-åringen bøygde seg ned, klarte den tilsette å flykte.

Dømd til samfunnsstraff

Mannen ville normalt blitt dømd til fengsel i eitt år etter ranet. Fleirtalet i retten er likevel komne til at han bør få samfunnsstraff.

For det første har politiet brukt halvanna år på saka, trass i at mannen sjølv melde seg for politiet dagen etter ranet. I tillegg er han no komen i fast arbeid og får behandling.

I tillegg til samfunnsstraffa må han betale nesten 100 000 kroner i erstatning til bensinstasjonen og 25 000 til han som var på jobb under ransforsøket.