Hopp til innhold

Ranar er framleis på frifot - naboane er redde

Væpna politipatruljar har i løpet av natta jakta på mannen som forsøkte å rane Statoilstasjonen i Brattvåg. Dei fann han ikkje.

Statoil Brattvåg

Politiet har sikra seg videopptak av ransforsøket i går kveld. I natt har dei jakta på ranaren, utan å finne han.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Ransforsøk på Statoil i Brattvåg

Bensinstasjonen er førebels stengt etter ransforsøket. Den tilsette klarte å flykte frå staden.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Seint måndag kveld prøvde ein maskert mann som skal vere væpna med skytevåpen og kniv å rane bensinstasjonen i Brattvåg. Den tilsette som var åleine i butikklokalet då ranet skjedde, flykta frå staden.

Væpna politistyrkar har i natt jakta på mannen, utan resultat.

– Vi skal gå gjennom bilete frå videoovervakinga og har sikra andre tekniske spor, seier Ole Bjørn Harang. Han er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Politiet ber om tips frå publikum som kan ha sett noko. Dei har førebels ingen skildringar av korleis mannen ser ut. Ansiktet hans var tildekt.

Redde naboar

Ronald Justsen er næraste nabo og synest det er ubehageleg at det skjer eit væpna ransforsøk like ved stovedøra hans.

– Det er jo eit sjokk og ikkje noko vi ventar på ein liten plass som Brattvåg, seier Justsen.

Han forsto at noko var gale i går kveld då parkeringsplassen på Statoil plutseleg vart full av politibilar. Sjølv såg han ingenting av det som skjedde før politiet kom. Naboen tenkjer på korleis dei tilsette må ha det no.

– Som regel er det ungdom som står bak disken på kveldstid. Det kan ikkje ha vore noko særleg å oppleve noko slikt, seier Justsen.

Snarrådig

Pål Heldaas

Kommunikasjonsdirektør Pål Heldaas seier at den unge tilsette no får oppfølging for å unngå seinverknader av ransforsøket.

Foto: Johnny Syversen

Den tilsette som var åleine på jobb vert no følgt opp av støtteapparatet til Statoil Fuel and retail.

– Den unge mannen opplevde at ein ranar som hadde både kniv og skytevåpen bad om å få pengar. Han var snarrådig og hoppa over disken og kom seg derifrå, seier Pål Heldaas.

Han er kommunikasjonsdirektør i Statoil fuel and retail. Medarbeidaren fekk varsla ein nabo og kom fysisk uskadd frå ransforsøket.

Lukka pengesystem

Sidan bensinstasjonen har eit lukka pengesystem, fekk ranaren ikkje med seg pengar. Bedrifta har eit eige system for korleis dei fylgjer opp medarbeidarar som vert utsett for ran. Blant anna vil vedkomande få hjelp frå bedriftslegen.

– Vi vil motverke seinskadar som kan kome etter slike opplevingar, seier Heldaas. Statoilstasjonen er stengt no fram til politiet har sikra bevis.