Leitar etter hengslete tynn mann etter ranet

Politiet leitar framleis etter mannen som forsøkte å rane Statoilstasjonen i Brattvåg.

Ransforsøk i Brattvåg

Politiet leitar etter ein tynn og hengslete mann etter ransforsøket i Brattvåg i går kveld.

Foto: Kristoffer Antonsen / NRK

Jakta på mannen som prøvde å rane bensinstasjonen i Brattvåg med tildekt ansikt, kniv og våpen held fram. Mannen ville ha pengar, men fekk det ikkje fordi stasjonen har eit lukka pengesystem. Den unge tilsette som var åleine på jobb klarte å hoppe over disken og springe derifrå.

Tynn og hengslete

Politiet leitar no i eit vidt område på Sunnmøre i Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog og Ålesund. Mannen er rundt 1.90 høg, tynn og hengslete. Han hadde mørk jakke og kamuflasjebukser på seg.

– Vi har ingen mistenkte i saka, men driv framleis søk, seier lensmann Øyvind Verpeide. Dei går også gjennom videoopptaka frå bensinstasjonen.

Sprang ut

Politiet veit ikkje om mannen var åleine om ransforsøket. Det dei veit er at han var åleine om å gå inn på bensinstasjonen, men dei kan ikkje utelukke at nokon sat i ein bil og venta. Mannen sprang ut av bensinstasjonen, men politiet veit heller ikkje om han køyrde derifrå.

– Dersom publikum har sett ein bil parkert i nærleiken i går kveld, vil vi ha tips, seier Verpeide.

Siste video/lyd

Norges jeger- og fiskerforbund ber kommunane ta ansvar - når Statskog sel seg ut av Møre og Romsdal. Forbundet vil at kommunane skal kjøpe eigedomane for å sikre at folk flest framleis kan jakte.
Alle naudetatane har vore på skulebenken i Molde. Samarbeid er fokus, og i dag var tid for å teste det dei hadde lært.
Snøen kom overraskande på mange denne veka. I Ålesund har kommunen avslutta brøyteberedskapen for sesongen. Det har mellom anna ført til ekstra ventetid for å rydde småvegane. Andre igjen - skor seg på dette.