Hopp til innhold

Dømt til fengsel for drapsforsøk

Ein mann i 20-åra frå Nordmøre er dømt til fengsel etter å ha knivstukke ein mann i Kristiansund. Han ankar rettsavgjerda.

Muleg knivstikking i Kristiansund

Ein mann i 50-åra blei funnen på gata med stikkskadar natt til torsdag 20. april.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var i april i år at ein mann i 50-åra blei funnen på gata i Kristiansund med stikkskadar. Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 03.00 på natta.

Seinare same dag arresterte politiet ein mann i 20-åra, som no er dømt for knivstikkinga.

No er han dømt til fengsel i fem år og seks månader. Det er det same som aktor Inger Myklebust la ned påstand om under rettssaka.

Den dømte må også betale 100.000 kroner til mannen i 50-åra som blei utsett for hendinga.

Det kjem fram i ein fersk dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Les også Mann funnen med stikkskadar på gata - mann i 20-åra pågripen

Kjem til å anke

Mannen i 20-åra innrømte å ha stukke mannen med kniven, men erkjente ikkje straffskuld for det han var tiltalt for, då saka starta i Møre og Romsdal tingrett førre veke.

Han forklarte mellom anna at han ikkje meinte å skade den fornærma.

Forsvararen til mannen seier til NRK at dei kjem til å anke dommen.

– Vi er ueinige i vurderinga som tingretten har gjort om kor vidt tiltalte har hatt eit drapsforsett då han utførte handlinga, seier forsvarsadvokat Evelyn Akinyi Egeli.

Ho bad om at hennar klient måtte bli straffa på mildast mogleg måte då saka blei behandla i retten.

Fekk alvorlege skader

I retten forklarte den fornærma at han hadde møtt på mannen i 20-åra på gata i Kristiansund. Der hadde han skulda han for å selje narkotika og sa at han måtte slutte med det. Deretter blei det ein krangel mellom dei to, står det i dommen.

Den dømde mannen skal så ha dytta den fornærma, før han seinare stakk mannen i 50-åra i ryggen.

Han skal ha blitt stukken fem gonger i ryggen med ein kniv. Dette var ein morakniv som var 21 cm lang og hadde eit 8.5 cm langt blad, står det i dommen.

Det står også at den tiltalte skal ha vore svært full, etter å ha vore innom fleire utestader den kvelden og drukke alkohol. Han skal også ha tatt fleire ulike rusmiddel i tillegg.

Mannen i 50-åra blei frakta til sjukehus av vitne som kom til staden. Dette gjorde at han ikkje døydde av skadane, ifølgje tiltalen

Knivstikka førte til at mannen fekk ei punktert lunge, ei stor bløding i brystet og brotne ribbein.

Bistandsadvokaten til den fornærma mannen ønskjer ikkje å kommentere dommen.