Hopp til innhold

Mann funnen med stikkskadar på gata - mann i 20-åra pågripen

Politiet har pågripe ein mann for knivstikking i Kristiansund. Ein mann blei sendt til sjukehus etter at han blei funnen med stikkskadar i byen natt til torsdag.

Muleg knivstikking i Kristiansund

Politiet etterforskar saka i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet skriv i ei pressemelding torsdag ettermiddag at dei no har pågripe ein person for knivstikkinga.

Det var i tretida natt til torsdag at ein mann vart funnen utandørs i Kristiansund med stikkskadar. Politiet melder no at dei i 11.30 tida torsdag føremiddag pågreip ein mann i 20-åra.

Den pågripne er sikta for grov kroppsskade. Politiet held fram med etterforskinga og vil framleis ha tips i saka, seier Politiinspektør Ove Brudevoll.

Funnen med stikkskadar

Mannen blei sendt til sjukehus med uavklart skadeomfang. Han var vaken då han blei sendt til sjukehus, der han ifølge politiet blir operert.

– Han var alvorleg skadd og blei brakt til sjukehus for behandling. Han var våken og bevisst då politiet snakka med han, men ytterlegare kan vi ikkje seie om det, seier Brudevoll.

Politiet jobbar på staden med taktisk og teknisk etterforsking. Dei meiner at mannen har fått skadane før klokka 03:00 natt til torsdag i området Nedre Enggate og Knut Siems gate.

–Vi fekk meldinga litt før klokka tre i natt om at det var funne ein person som var skadd i ei sentrumsgate i Kristiansund. Sjølve hendinga blir etterforska no, seier Brudevoll.

Ber vitne melde seg

Politiet har bedt folk som kan ha sett eller høyrt noko i området om å melde seg.

Sindre Molnes

Operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Operasjonsleiar Sindre Molnes i politiet seier det var forbipasserande som fann den skadde, og som varsla ambulanse, som så varsla politiet.

– Politiet har sett av mykje ressursar, og etterforskar breidt, både taktisk og teknisk, seier Molnes.

Dei tar og avhøyr av vitne, men ber altså fleire om å melde seg, dersom dei har sett noko.

– Vi er interessert i personar som kan ha gjort observasjonar i sentrum frå klokka to i natt til klokka halv fire. Strekninga som er mest interessant er Nedre Enggate, Siems gate, Kongens Plass og retninga opp mot sjukehuset, seier Brudevoll no i ettermiddag.

Politiet har fått inn fleire tips på 70 11 89 77.

Politiet ønskjer å avhøyre mannen så snart som råd, men må vente til han er ferdig behandla på sjukehuset.

Dei vil foreløpig ikkje seie noko om det er ein relasjonen mellom den som er pågrepe og den som er skadd.

Mann med moglege stikkskadar i Kristiansund

Politiet jobbar på staden med taktisk og teknisk etterforsking.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL