Hopp til innhold
Muleg knivstikking i Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mann knivstukken i Kristiansund

  • Blir behandla i lagmannsretten i april

    Saka mot ein mann i 20-åra frå Nordmøre skal opp i lagmannsretten i midten av april.

    I fjor blei mannen dømt til fengsel i 5 år og seks månader for drapsforsøk etter å ha stukke ein mann i 50-åra med kniv. Lagmannsretten kom fram til at dei meinte at mannen heller skulle bli dømt for grov kroppsskade og sette straffa til tre år.

    Høgsterett oppheva dommen, etter anke frå påtalemakta, fordi dei er usikker på om Frostating lagmannsrett har tolka lova rett. Saka skal no opp i lagmannsretten 16–17. april.

    I mellomtida sit mannen i 20-åra varetektsfengsla.

  • Opphever dom

    Høyesterett har opphevet en dom fra lagmannsretten etter en knivstikking i Kristiansund i april 2023. Mannen ble i tingretten dømt for drapsforsøk, mens lagmannsretten kom til en annen konklusjon. Høyesterett mener det er usikkert om lagmannsretten har anvendt loven riktig. Lagmannsretten må nå vurdere om det blir en ny rettsforhandling eller om bare dommen skal vurderes på nytt, melder Tidens Krav.

    Muleg knivstikking i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Har anka til Høgsterett

    Påtalemakta i Møre og Romsdal har anka ein dom frå Frostating lagmannsrett til Høgsterett.

    Ein mann i 20-åra frå Nordmøre blei i fjor dømt til fengsel i fem år og seks månader for drapsforsøk. Det skjedde etter at han stakk ein mann i 50-åra med kniv på gata i Kristiansund i april 2023.

    Den dømde mannen anka straffa til Frostating lagmannsrett som før jul dømde mannen til fengsel i tre år. Fleirtalet av dommarane meinte at mannen måtte bli dømt for grov kroppsskade og ikkje drapsforsøk, då dei meinte at den domfelte ikkje hadde drapsforsett.

    Påtalemakta anka saksbehandlinga til Høgsterett. Medan denne saka blir behandla har påtalemakta no fått forlenga varetekt for mannen i fire veker. Det går fram av eit rettsdokument frå Møre og Romsdal tingrett.

    Muleg knivstikking i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Framleis varetektsfengsla etter knivstikking

    Ein mann i 20-åra er fengsla i fire nye veker etter ei knivstikking i Kristiansund tidlegare i år. Det har Møre og Romsdal tingrett bestemt.

    Det var i april i år at ein 50-år gammal mann blei funne knivstukken og alvorleg skadd på gata i Kristiansund. Mannen i 20-åra blei tiltalt og seinare dømt til fengsel i fem år og seks månader for drapsforsøk.

    Han har anka saka til lagmannsretten, og saka skal behandlast på nytt i starten av desember. I påvente av det blir varetektsfengslinga no forlenga til 2. november.