Hopp til innhold

Manglar om lag 300 bøssebærarar i Ålesund

Laurdag vart det arrangert gjenbruksmarknaden på Terminalen i Ålesund for å skape blest om årets TV-aksjon.

Gjenbruksmarked i Ålesund

Laurdag arrangerte Ålesund Frivilligsentral gjenbruksmarknad for å skape blest om årets TV-aksjon.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Søndag 18. oktober er det klart for årets TV-aksjon på NRK. Denne gangen er det Regnskogfondet som skal få pengane.

Siv Katrin Ulla i Ålesund Frivilligsentral, var ansvarleg for arrangementet på Terminalen i Ålesund, og fortel at dei blant anna ville sette fokus på miljøet, samtidig som folk kunne finne seg ein gjenbruksskatt eller to.

– Vi prøvde å tenke kva vi kunne gjere opp imot miljøet i Ålesund her og no, og bestemte oss til slutt for å arrangere eit gjenbruksmarknaden. Vi lever i eit forbrukarsamfunn og meiner det er viktig å sette fokus på gjenbruk, og at ein kan bruke ting opp att, seier Ulla.

Skape merksemd rundt årets aksjon

Nærare 30 personar hadde møtt opp på Terminalen i Ålesund for å selje alt frå vesker, kle og sko til måleri, bøker og bestikk. Seljarane fekk sjølv behalde utbyttet frå det dei selde.

Gjenbruksmarknad Åleusund 101015

Om lag 30 personar selde varer under gjenbruksmarknaden.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Om nokon vil donere pengar til Regnskogfondet kan dei gjere det, men dette arrangementet var først og fremst eit tiltak for miljøet og eit ledd for å skaffe fleire bøssebærarar, seier Ulla.

Formålet var å skape merksemd rundt årets TV-aksjon, fortel ho.

– Vi har eit mål om full bøssebærardekning i Ålesund. Vi treng om lag 400 bøssebærarar, og vi har langt igjen til målet, seier Ulla.

– Ålesundarane er tradisjonelt treige til å melde seg

Gjenbruksmarknas Ålesund 101015

Mange tok turen innom gjenbruksmarknaden på Terminalen i Ålesund laurdag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Så langt er det nærare 100 personar som har meldt seg som bøssebærar søndag 18. oktober, dermed manglar det om lag 300 frivillige.

– Folk i Ålesund har tradisjonelt vore ganske treige til å melde seg som bøssebærarar. Det brukar som regel å ordne seg i siste liten, men det er sjølvsagt veldig kjekt når folk melder seg i god tid, seier Ulla.

Og oppmodinga frå Ålesund Frivilligsentral var klar:

– Vi treng fleire bøssebærarar. Gå inn på blimed.no og meld dykk no, seier Ulla.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL