Hopp til innhold

Stort engasjement på Hareid skule

Elevane ved Hareid skule har i mange år vist eit stort engasjement for å samle inn pengar til NRK sin TV-aksjon. I dag fekk dei lønn for strevet.

Elevene ved Hareid skule har i mange år vist et stort engasjement for å samle inn pengar til NRK sin TV-aksjon. I år går pengene til å ta vare på regnskogen, og i dag ble det gjennomført rebusløp og ansiktsmaling før skolen som en av få i landet fikk show på besøk.

VIDEO: Hareid skule samlar inn 18 000 kroner til tv-aksjonen ved å utfordre bedrifter til å gå tur. I dag fekk dei eit stort show på besøk.

I nydeleg septembervêr tysdag var elevane ved Hareid ute heile føremiddagen. Dei har samla inn pengar til NRK sin TV-aksjon mellom anna ved å utfordre næringslivet til å gå turar i nærområdet.

Å samle inn pengar som skal gå til å ta vare på regnskogen er ei oppgåve elevane likar.

– Eg synest det er ganske bra å kunne hjelpe til. Vi har lært at regnskogen er verdas lunge, og det er dumt dersom den skulle forsvinne, seier Henrikke Bjåstad Vikebakk, som er ein av elevane ved skulen.

«Naturstien»

Elevane har samla inn over 18 000 kroner til aksjonen, eit sterkt resultat, og rektor er stolt over måten dei har fått inn pengane på.

– Vi har invitert alle arbeidsplassane i Hareid til å delta på «Naturstien». Det er ein bedriftskamp der deltakaravgifta går direkte til regnskogfondet, seier Hege Tretnes, rektor ved Hareid skule.

Som takk for god innsats over fleire år er Hareid ein av få skular i landet som får besøk av eit stort show med ein rekke kjende artistar på plakaten.

– Hareid har i mange år stått på for TV-aksjonen, og difor er dette vår måte og gi noko tilbake til ungane som går på denne skulen, seier Marius Hammer, fylkesleiar i TV-aksjonen.