Hopp til innhold

Gir to kroner til TV-aksjonen per kilo el-avfall

For kvart kilo elektrisk avfall du leverer til ein av miljøselskapet Årim sine miljøstasjonar neste veke går to kroner til Regnskogfondet.

Øystein Solevåg

TUNGT: Kjem du med tunge gjenstandar blir det endå fleire kroner til TV-aksjonen, men alt hjelper, seier Øystein Solevåg.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Eg var på eit møte der Regnskogsfondet fortalde om TV-aksjonen, og så skjøna eg plutseleg at dette handlar om det vi driv om til dagleg og korleis vi handterer elektrisk og elektronisk avfall, seier dagleg leiar i Årim, Øystein Solevåg.

Øystein Solevåg

Dagleg leiar i Årim, Øystein Solevåg, håper mange vil levere el-avfall neste veke.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Leiaren i Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS (Årim), er engasjert. Med bakgrunn frå Naturvernforbundet har han hjarte for slike tiltak. No tilbyr selskapet i samarbeid med Elretur å gi to kroner til TV-aksjonen per kilo elektronisk og elektrisk avfall folk leverer neste veke.

Alt kjem til nytte

Øystein Solevåg

– Bruk sjansen til å tømme batteri- og lyspæreøskjene vi har delt ut, oppfordrar Solevåg.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

–No må folk kjenne si besøkelsestid, rydde i buer, skuffer og skap, finne fram elektrisk og elektronisk avfall og levere det på ein av våre miljøstasjonar i løpet av neste veke.

Årim er eigd av 12 kommunar med til saman 100.000 innbyggjarar. Bur du i Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes, Ørskog eller Ålesund kan du slå til på «tilbodet» og levere el-avfall på din næraste miljøstasjon.

Alt det går straum gjennom blir pengar

Øystein Solevåg med el-avfall

Øystein Solevåg legg ein skrivar i kassa med el-avfall.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

EE-avfall er alt det har gått straum gjennom: Lyspærer, batteri, støvsugarar, kjøleskap, komfyrar, skjermar, skrivarar og så vidare. Mange vegrar seg for å levere mobiltelefonar, nettbrett og datamaskiner, men dei treng ikkje uroe seg.

–Det er trygt å levere inn. Vi sørger for at slike gjenstandar blir sendt vidare og destruert raskt, slik at eventuell personleg informasjon ikkje kjem i feil hender, seier Solevåg.

Bingsa miljøstasjon i Ålesund

Årim håper på stort innrykk til miljøstasjonane sine neste veke. Bildet er frå Bingsa i Ålesund.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Håper på storinnrykk

–Folk leverer avfall hos oss kvar veke, men vi håper på eit løft denne veka så vi kan få gitt ekstra mykje til Regnskogfondet.
–Har de råd til dette då?
–Vi kan jo håpe at vi ikkje har det, men det trur eg vi skal klare, ler Øystein Solevåg.