NRK Meny
Normal

Manglande sponsorvilje i Aure

Med skieliten på plass, starta Toppidrettsveka i Aure i dag. Allereie i morgon flyttar rulleskisirkuset over fylkesgrensa til Orkdal.

Med skieliten på plass, startet Toppidrettsveka i Aure i dag. Alllerede i morgen flytter rulleskisirkuset over fylkesgrensa til Orkdal.

Sjå tv-saka: Låg sponsorvilje gjer at nordmørsarrangementet Toppidrettsveka flaggar ut store delar av festen.

Løpet «Fonna opp» markerte opninga på Toppidrettsveka i Aure torsdag.

Det var ikkje mange som klarte å halde følgje med Therese Johaug i motbakkeløpet i dag, og Johaug klinte til med ei tid på 31.18,8, og vann dameklassa halvanna minutt framfor Heidi Weng.

– I år er det 150 eliteutøvarar på startlista, 100 menn og 50 kvinner. Det er det største statsfeltet vi har hatt under Toppidrettsveka så langt, seier Håvard Sagli, arrangementssjef Toppidrettsveka.

Manglande sponsorvilje

Til trass for rekordmange eliteutøvarar på startlista, flyttar rulleskisirkuset over fylkesgrensa til Orkdal allereie fredag. Låg sponsorvilje gjer at nordmørsarrangementet flaggar ut store delar av festen.

Men Sagli ser bort frå at tilknytinga til Aure har blitt mindre av den grunn.

– Aure har framleis to konkurransar. Orkdal og Trondheim har berre ei konkurranse kvar. I tillegg har dei fire dagar sommarskiskule. Hovudsetet er framleis i Aure, og det vil det vere i tida framover også, seier han.

Allereie i november i fjor avslutta Kristiansund samarbeidet med Toppidrettsveka. Årsaka er at private sponsorar i Kristiansund ikkje vil gå inn med pengar til arrangementet.

– Vi kunne sjølvsagt tenke oss å halde fram i Kristiansund, men slik vart det. Det er ei tid for alt, og no skal vi prøve ut Aure–Orkdal–Trondheim, og så får vi vurdere det når vi er ferdig, seier Sagli.

– Toppidrettsveke vert det uansett, held han fram

Frå Orkdal går turen vidare til Trondheim.