Hopp til innhold

Noregsmeister i handbak: – Venstrearmen er sterkast

Elise Ågedal er fersk noregsmeister i handbak. Nyleg stakk ho av med den gjeve kongepokalen.

Elise Ågedal er norgesmester i håndbak.

Elise Ågedal frå Lindesnes handbakklubb stakk av med kongepokalen i NM i handbak.

Foto: Privat

Med 220 deltakarar fordelt på 24 klubber, blei noregeshistoriens største NM i handbak nyleg arrangert.

Og dama som leverte aller sterkast av kvinnene var sørlendingen Elise Ågedal frå Lindesnes handbakklubb. Ho stakk nemleg av med den fyrste kongepokalen i handbak for kvinner.

– Det var utruleg stort. Eg så ikkje heilt den kongepokalen komme, så det var stas, seier Ågedal.

Og ikkje nok med det. Det var venstrearmen som blei hennar sterkaste kort.

– Merkeleg nok så er venstrearmen min sterkast ja, men eg er høgrehendt, seier ho.

Vant NM for kvinner i handbak.

Alexander Heimdal vann på herresida, mens Elise Ågedal frå Lindesnes håndbakklubb blei beste kvinne.

Foto: Tom Mæland

Trener på teknikk

Dei fleste av oss har bryte ein handbak eller to i godt lag, og tenker kanskje at det held å vere sterk i den noko utradisjonelle sporten. Men for å bli skikkeleg god så trengst det meir enn rå styrke.

– Eg trur det er ei god blanding. Det er klart at ein må vere sterk, men teknikk har utruleg mykje å sei.

Les også Syklar til Asia: – Kjenner det allereie i låra

Erik Waaland Andersen og Casper Sætra.

Korleis øver du på det tekniske?

– Det er jo mest bordtrening da. Det må til. I tillegg blir det nokre timar på treningssenteret.

Vant NM i håndbak

Ågedal tok to gull og kongepokalen.

Foto: Tom Mæland

Ingen juksing

Når ein bryt handbak på hobbybasis kan det vere freistande å la olbogen skli nokre centimeter til høgre for å få ein litt betre vinkel på armen, men slike knep er det ikkje rom for i ein noregsmeisterskap, skal vi tru den ferske meisteren.

– Det er veldig vanskeleg å jukse, for ein har gode dommere som følgjer med.
I starten så er det ikkje lov til å bevege nokon ting.

Og for dei som ikkje er kjend med handbak i profesjonelle former, så har utøvarane olbogen på ei pute.

– Når dei seier «ready go», så kan du bruke heile puta til å skli. Du kan bruke handleddet og heile kroppen, så det er ganske annleis enn folk trur at det er, forklarer meisteren.

Historisk siger

Erling Midttun i Vestland Brytekrets, og var medarrangør i noregsmeisterskapet. Han er full av lovord om vinnaren frå Sørlandet.

– Elise gjorde ein fantastisk innsats! Ho er ein flott utøvar og eit stort talent i ein klubb som gjør det veldig bra, seier han.

I tillegg blei Ågedal frå Lindesnes historisk som mottaker av kongepokalen.

– Det er jo fyrste gongen at ein har kunne delt ut den for senior dame. Så dette er eit stort stykke historie, seier Midttun stolt.

Og sporten har økt jamt og trutt på kvinnesida dei siste åra. I 2019 var det tre jenter med. I år var det rundt 30.

– Det seier jo noko om at sporten blir større og at fleire damer kjem inn, seier Ågedal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %