Hopp til innhold

Mange studentar har aldri hatt eksamen før: – Prioritere kva som er viktig å lære

Eksamen nærmar seg med stormskritt for mange førsteårsstudentar. Her får du tips for å takle den stressfulle tida.

Sara Langlo, Celine Leidland Assersen og Magdalena Mehari, førsteårsstudentar ved NTNU i Ålesund.

FØRSTE EKSAMEN: Sara Langlo og Celine Leidland Assersen frå Egersund, og Magdalena Mehari frå Mjøndalen i Drammen er alle førsteårsstudentar ved NTNU i Ålesund. Dei er no spent på den komande eksamenstida.

Foto: Remi Sagen / NRK

I biblioteket på NTNU i Ålesund sit tre spente 19-åringar som alle skal ha eksamen for første gong sidan ungdomsskulen.

– Det er litt skummelt, med tanke på tidspresset, seier Celina Leidland Assersen, som studerer marknadsføring, innovasjon og leiing.

Første eksamen for koronakullet

Koronakulla har ikkje hatt eksamen på vidaregåande skule. I år var det tredje året på rad at det blei avlyst på grunn av pandemien. Dei tre studentane merker at det er mykje snakk om korleis eksamen blir.

Sara Langlo, Magdalena Mehari og Celine Leidland Assersen, førsteårsstudentar ved NTNU i Ålesund.

På NTNU i Ålesund har studentane fått tilbod om å delta på prøveeksamen, noko alle tre har nytta seg av. – Det var fint å få innsikt i systema, korleis det fungerer og kven vi skal kontakte om noko går gale, seier Celina.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi manglar jo erfaring, så det er litt stressande. Eg er mest nervøs for å stryke, seier Sara Langlo som starta på bioingeniør i haust.

Bioingeniør-student Magdalena Mehari trur det har vore ein brå overgang for mange å starte på høgare utdanning. Men ho meiner at dei også lærte mykje under koronapandemien.

– Då måtte vi planlegge dagane og jobbe med pensum sjølve, så vi har fått trent litt på det.

Sjølv om dette blir deira første eksamen, har dei likevel gjort seg nokre tankar om kva som er lurt å gjere. Her er deira beste tips:

Magdalena Mehari

Magdalena trur det er lurt å prioritere kva som er viktig å lære.

– Det er lett å henge seg opp i dei små detaljane. Prioriter det som forelesarane har gått gjennom og som ein skjøner kjem på eksamen.

Ho har også eit tips til sjølve eksamensdagen.

– Start med det du kan godt først, slik at du får sjølvtillit. Når ein då kjem til det som er meir vanskeleg, så kan ein tenke at dette får eg til, det tek berre litt lenger tid.

Sara Langlo. Førsteårsstudentar ved NTNU i Ålesund.

Sara seier det er lurt å kople av litt dagen før eksamen og ikkje berre lese.

– Eg trur det er viktig at ein roar nervane, tenker på andre ting og gjer noko som er kjekt. Eg trur ikkje ein lærer så mykje klokka 00.00 kvelden før.

Celina Leidland Assersen

Å lese jamt og trutt gjennom heile semesteret, er Celina sitt tips.

– Då slepp du å stresse med alt du skal lære like før eksamen. Og så trur eg det er viktig å ha pausar. Hjernen greier ikkje å fokusere på pensum alt for lenge.

Ikkje aleine om å vere stressa

Susanne Bjørge Rem jobbar ved Studentsamskipnaden i Ålesund. Dei opplever at det no er fleire som bookar samtalar og ønsker råd og rettleiing.

Susanne Bjørge Rem i SiT Ålesund

Susanne Bjørge Rem ved Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit), merker at mange studentar er stressa før eksamen. Spesielt dei som ikkje har hatt eksamen på vidaregåande på grunn av koronapandemien.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi ser at dei som ikkje har vore gjennom dette før kanskje er litt dårlegare på studieteknikk og å konsentrere seg. Det at det er første gong er skummelt og kan skape ekstra stress fordi dei ikkje heilt veit kva dei går til.

Rem seier dei jobbar for å vise studentane at dei ikkje er aleine om å føle seg stressa før eksamen.

– Sjølv om stress er eit negativt omgrep, så kan det også vere positivt, fordi det betyr at ein er skjerpa og klar for å sette i gang med den jobben som må til for å gjennomføre eksamen eller kome i mål til ein innleveringsfrist.

Hennar beste tips er:

  1. Senk skuldrene og gi deg sjølv litt slakk.
  2. Jobb med dei negative tankane om at ein ikkje får det til eller ikkje kjem i mål.
  3. Snakk med studievenner, rettleiarar eller familie for å redusere stresset.
  4. Tenk at det du gjer er godt nok.

– Viktig å sove nok

Også søvn er viktig for å presentere, seier Rolf Viddal ved Studentsamskipnaden. Ikkje berre på eksamen, men også når ein skal lese og lære nye ting.

Rolf Viddal

Rolf Viddal seier det er viktig å få nok søvn for å kunne prestere på sitt beste.

Foto: SiT

– Søvn flyttar kunnskapen frå korttidsminnet til langtidsminnet. Reaksjonstida blir betre og du løyser oppgåver betre. Det er også viktig å sove nok og godt når du først søv.

Tal frå studentane si helseundersøking viser at 33 prosent av studentar slit med søvnvanskar, og trenden aukar. Han trur aukande mobilbruk, og at mange bruker mobilen i senga, er blant årsakene til at fleire søv mindre og dårlegare.

Hans beste tips er:

  1. Ha gode søvnvanar. Prøv å stå opp og legge deg til faste tider. Også i helgene.
  2. Soverommet bør ikkje vere eit arbeidsrom. Ikkje ta med arbeid til sengs, då kan du føle at du også er på arbeid når du skal sove.
  3. Prøv å skape eit skilje mellom skule og fritid slik at du kan kople av når du er heime.
  4. Prøv å redusere stresset, det fører til betre søvn.

Les også Kristin (31) sliter med å stå opp: – Kan sove gjennom 20 alarmer

Vekkerklokke på telefon

– Ver ute i god tid og start tidleg

Rådet frå Linda Midtbust Hjelle i NTNU Karriere er kanskje dårleg nytt for dei studentane som hadde planar om å ta eit skippertak før eksamen.

Linda Midtbust Hjelle ved NTNU i Ålesund

Linda Midtbust Hjelle ber studentane om å ikkje vere for strenge med seg sjølv.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ver ute i godt tid og start tidleg. Bruk tida godt fram mot eksamen og prøv å lag gode planar. Få oversikt over kva du bør kunne og prioriter det du treng å øve meir på.

I tillegg er det viktig å vere godt førebudd på sjølve eksamensdagen, seier ho:

  1. Pakk sekken og det du skal ha med deg kvelden før, slik at du får ei god natts søvn.
  2. Møt opp i god tid. Ver førebudd slik at du veit både kvar du skal møte og kva hjelpemiddel du kan ha med deg, så fjernar du ein del av det unødvendige stresset.

Ser fram til juleferie

Og skulle det ikkje gå vegen for studentane seier Hjelle at dei ikkje bør vere for harde med seg sjølve.

Ver fornøgd med det du klarer å gjennomføre og det stoffet du har kome gjennom.

Tilbake hos dei tre førsteårsstudentane er årets eksamen framleis tema. Og dei ser fram til å få det overstått.

– Eg trur den første blir den vanskelegaste, fordi det er så nytt, så går det nok betre på dei neste. Etterpå er det juleferie, så det er i alle fall noko å gle seg til, seier Magdalena med eit smil.

Sara Langlo, Celine Leidland Assersen og Magdalena Mehari, førsteårsstudentar ved NTNU i Ålesund.

Sara, Celine og Magdalena ser alle fram til å bli ferdige med eksamenane til jul.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Oskar tror mange kan gå på eksamenssmell

Oskar Dahl Johansen, student