Hopp til innhold

Mange fleire brikker i sjukehussaka

Tilrådinga om at det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal bør leggast til Opdøl, får blanda mottaking nord for Romsdalsfjorden.

Opdøl

Slik ser arkitektane og andre fagfolk for seg korleis eit nytt sjukehus på Opdøl i Molde vil sjå ut. Planane går ut på at eit nytt sjukehus nord for Romsdalsfjorden skal så ferdig i 2021. Prislappen kan bli mellom 5,5 og 5,8 milliardar kroner.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Aktørar i nordfylket har fått fordøya nokre av inntrykka etter at direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg i føremiddag gjekk ut med tilrådinga si om at Opdøl er rette plasseringa for nytt sjukehus.

– Dette er ei tydleg og grunngitt innstilling frå administrasjonen i Helse Midt-Noreg. Då har vi også fått den viktige vektinga i barometeret for avgjerda som vi har etterlyst og som også Holte Consulting har etterlyst, seier Molde-ordførar Torgeir Dahl (H).

Torgeir Dahl

– Flagga går ikkje til topps i Romsdal, men innstillinga om Opdøl er til det beste for pasientane, seier ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordføraren viser til at innstillinga peikar på Hjelset-alternativet både når det gjeld den viktige rekrutteringa til fagmiljøa for det nye sjukehuset, at Hjelset gir størst pasientgrunnlag og den kortast reisetida for dei fleste.

Fleire brikker, meir spaning

Ordføraren i Molde åtvarar mot å tru at alt er på plass for at bygginga av sjukehuset til mellom 5,5 og 5,8 milliardar kroner blir gjennomført.

– Det einaste som no ligg føre er ei innstilling til kvar det nye sjukehuset bør ligge. Så blir det masse jobbing framover for å sikre at det blir bygd, og at det får den kvaliteten Helsedepartementet har sagt. Det betyr at det blir betre enn summen av dagens to sjukehus.

Dahl vedgår at det framleis er spaning knytt til kva dei to styra som skal behandle saka, kjem fram til. Utan innstilling kan mykje skje i Helse Møre og Romsdal.

– Men eg trur styremedlemmene vil gå nøye gjennom synspunkta til Holte Consulting og at det vil vere eit fleirtal i vårt lokale føretak, om at sjukehuset bør ligge på Opdøl. I Helse Midt-Noreg vil det bli eit solid fleirtal for Opdøl, spår han.

Uheldig sunnmørsutspel

Molde-ordføraren meiner det er uheldig at fleire sunnmørsrøyster legg det han kallar «andre motiv og kriterium» til grunn for synspunkta sine i sjukehussaka.

– Eg mekrar meg at Sunnmørsposten og deler av miljøet på Åse no ser ut til å vere meir opptekne av å legge dette sjukehuset så langt unna Ålesund som mogleg, for å styrke Ålesund. Det har aldri vore bestillinga, seier Dahl.

Han strekar under at bestillinga heile tida har vore å bygge eitt nytt felles sjukehus for befolkninga på Nordmøre og i Romsdal.

– Så skal Ålesund framleis vere det mest differensierte sjukehuset. Det er også innstillinga frå Helse Midt tydleg på, avsluttar Molde – ordføraren.

Tung dag for Nordmøre

Nordmøringane er nedtrykte over vendinga saka har tatt, seier forkjemparane for at sjukehuset skal leggast til Storbakken i Kristiansund.

– Innstilling blei jo som venta, og slik sett var vi budde på at det skulle stå Hjelset i innstillinga. Men dette er ein tung dag, vedgår ordførar i Kristiansund Per Kristian Øyen (Ap).

Per Kristian Øyen

Det var ikkje uventa for nordmøringane at Helse- Midt-direktøren går inn for å legge sjukehuset til Molde, ordførar Per Kristian Øyen i Kristiansund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han vil ikkje akseptere at løpet er over og minner om at saka trass alt skal behandlast i styra både i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Noreg.

Frir til sunnmøringane

No set nordmøringane sin lit til styra og frir til sunnmøringane.

– Vi går ut frå at dei sunnmørske representantane har sett skrifta på veggen. Eit sjukehus nærmare Ålesund vil utfordre Ålesund i framtida. Sunnmøringane må sjølvsagt vurdere det når dei skal røyste, seier Øyen.

Han meiner at dersom dei går for Hjelset, må dei også ta konsekvensane av det som på sikt, kanskje kan bli ein ny sjukehusstruktur i fylket.

– Då kan det eine sjukehuset i Møre og Romsdal bli lagt til Hjelset, hevdar ordføraren i Kristiansund.

Djupt skuffa

Også Ingunn Golmen som er leiar for rådmanns- og ordførarkollegiet på Nordmøre, Orkidé, er djupt skuffa over innstillinga frå direktøren i Helse- Midt, Daniel Haga.

Leder for rådmanns- og ordførerkollegiet Orkidé på Nordmøre, Ingunn Golmen.

Ingunn Golmen er leiar for Orkidé som er rådmanns- og ordførarkollegiet på Nordmøre. Ho er djupt skuffa over innstillinga frå direktøren i Helse Midt-Noreg.

Foto: Roar Halten / NRK

– Eg er ikkje overraska. Vi var 99 prosent sikre på at det var slik det ville gå, seier ho.

Rådmenn og ordførarar på Nordmøre drøftar no korleis dei skal møte framlegget frå Haga.

Lit på sunnmøringane

Første målet for Orkidé er å arbeide for å overtyde styremedlemmene i Helse Møre og Romsdal om at dei må ha ei sjølvstendig oppfatning i saka, og sjå kva som beste løysinga for innbyggarane i heile fylket.

– Vi har jo ei sterk kjensle av at eit nytt sjukehus på Hjelset vil konkurrere med sjukehuset i Ålesund. Det går for så vidt også fram av deler i saksutgreiinga at ei nær plassering mellom to sjukehus, også vil innebere at ein unngår dobbelt- funksjonar. Då vil det bli funksjonsfordeling mellom dei to sjukehusa, og dermed kan like godt tilbod i Ålesund hamne i Molde, hevdar Golmen.

Ho spår at eit stort, nytt sjukehus på Hjelset får alle dei viktige funksjonane, og at sjukehuset i Ålesund kan ende opp som ein type lokalsjukehus i framtida.

– Vi forventar at styret i Helse MR er vaksne nok til å gå skikkeleg inn i dette. Og at dei ser kva som gangar befolkninga i fylket best totalt sett. Er det eitt stort sjukehus i nordenden av fylket, eller skal ein ha eit stort sjukehus på Hjelset som så vil konkurrere med Ålesund sjukehus, spør Ingunn Golmen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL