Hopp til innhold

– Fryktar at sjukehusbygging går utover pasientane

Helse Møre og Romsdal må kutte 200 årsverk for å spare til nytt sjukehus. Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Sp, er kritisk til måten nye sjukehus blir finansiert på.

toppe

Kjersti Toppe (Sp) meiner at større investeringar i helseføretaka, bør finansierast gjennom statsbudsjettet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er no så alvorleg at føretaket må låne pengar for å betale desemberløna til dei tilsette. Underskotet ligg an til å bli på 175 millionar kroner og styret har bestemt at 200 årsverk må bort. Dei tillitsvalde er sjokkerte og fryktar at det skal gå utover pasientane.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok denne veka å kutte 200 årsverk for å spare pengar.

Foto: Terje Reite / NRK

Kritisk til ordninga

Helse Møre og Romsdal er eit av dei norske helseføretaka som har gått i minus kvart år. Dei skal bygge nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset til 4,1 milliardar kroner, men klarer ikkje å bygge opp den eigenkapitalen som vert kravd.

Dei neste tre åra må Helse Møre og Romsdal spare inn om lag ein halv milliard kroner for å bygge sjukehuset. Også Stavanger, Oslo og Innlandet, som er i gang med å bygge nye sjukehus, må sette av pengar frå dagens drift.

Helsepolitisk talsperson i Sp, Kjersti Toppe er kritisk til at sjukehusa må kutte så hardt i driftsbudsjetta for å gjere investeringar.

– Denne måten å gjere det på, går utover pasientane. Det er ikkje berekraftig og det er ein alvorleg situasjon mange sjukehus er oppe i, seier Toppe. Ho meiner at modellen må evaluerast. Ein måte å bygge nye sjukehus på, kan vere finansiering over statsbudsjettet, meiner ho.

Nye fylkesmenn i Rogaland og Møre og Romsdal.

Helseminister Bent Høie (H) meiner dagens finansieringsordning for nye sjukehus fungerer bra.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Fungerer godt

Helseminister Bent Høie (H) meiner på si side at dagens ordning er bra.

– Det fungerer godt og det ser vi på resultata. Vi bygger mange sjukehus no og der er rekordhøge investeringar, men sjukehusa må halde budsjetta som dei får og det er utfordrande for Helse Møre og Romsdal, seier Høie. Han opplever at styret og leiinga jobbar godt for å få det til.

Helseministeren fylgjer med på det som skjer i Møre og Romsdal, men seier at det er helseføretaket som må handtere situasjonen

– Det er Helse Møre og Romsdal sitt ansvar å halde budsjettet. Visst dei ikkje klarer det, er det også deira ansvar å finne naudsynte tiltak, seier Høie. Han er ikkje bekymra for at det skal gå utover pasienttryggleiken når 200 årsverk forsvinn, sidan sjukehusa har eit grunnleggande ansvar for å drive forsvarleg.

Skulle nedbemanne- men tilsette fleire

Nils Kvernmo

Nils Kvernmo, styremedlem og eigarrepresentant i Helse Midt-Noreg, trur nedbemanninga blir krevjande.

Foto: Terje Reite / NRK

Dei siste åra har leiinga i Helse Møre og Romsdal prøvd å ta grep for å betre økonomistyringa. Blant anna er det vedteke å redusere talet på tilsette, men i staden har det blitt fleire.

I januar er det ekstraordinært styremøte, der administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal. Espen Remme, må forklare korleis kutta skal skje.

Det blir sett ned ei ekstern kontrollgruppe som skal hjelpe leiinga i Helse Møre og Romsdal å gjennomføre tiltaka med å kutte 200 årsverk. Styremedlem og eigarrepresentant i Helse Midt-Noreg, Nils Kvernmo, seier at det kjem til å bli tøft.

– Vi snakkar om pasientbemanning og arbeidsplassane til folk. Det kjem til å bli svært krevjande, seier Kvernmo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL