Hopp til innhold

Må kutte 200 årsverk etter kriseår

Styret i Helse Møre og Romsdal krev drastiske tiltak og vil kutte 200 årsverk i helseføretaket. – Den økonomiske situasjonen er svært alvorleg, seier styreleiaren.

Sykehuskorridor Medisin 5

Eit strakstiltak som inneber kutt på 200 årsverk skal betre økonomien i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Helse Møre og Romsdal har forsøkt å få budsjettet for 2018 i balanse gjennom heile året, utan å lukkast.

På tampen av året ligg underskotet an til å bli på heile 175 millionar kroner. Økonomien er no så dårleg at helseføretaket må låne pengar til lønn.

Styret vil ha resultat

Ingve Theodorsen

IKKJE LETT: Styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal ber helseføretaket kutte 200 årsverk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tysdag var det styremøte i Helse Møre og Romsdal. Ein tydleg alvorsprega styreleiar Ingve Theodorsen sa klart ifrå til styret og administrasjonen at strakstiltak må til. Det betyr å kutte 200 årsverk i helseføretaket.

– Det er ikkje lett å kome med eit slikt forslag, men vi er eit ansvarleg styre og må ta omsyn til dei rammene vi har fått tildelt, seier Theodorsen.

Nils Kvernmo

HAR BEMANNA OPP: Styremedlem Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal viser til at det har vore tilsettingar, og ikkje nedskjeringar, trass i dårleg økonomi.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Styremedlem Nils Kvernmo viser til at det faktisk har vore oppbemanning i Helse Møre og Romsdal den siste tida, trass i at det ikkje har vore pengar til det.

I oktober 2018 var bemanninga på 35 månadsverk over tilsvarande månad i 2017 og på 49 månadsverk over budsjettet.

Også styreleiar Ingve Theodorsen er også kritisk til oppbemanninga som har skjedd.

– Her må det sterkare lut til. Vi har vedteke ein reduksjon, men det er det motsette som skjer, seier Theodorsen.

Må også spare til nytt sjukehus

Dei neste tre åra må Helse Møre og Romsdal også spare inn om lag ein halv milliard kroner for å kunne bygge eit nytt sjukehus på Hjelset i Molde.

Sjukehuset blir eit fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, og skal erstatte dagens to sjukehus i Molde og Kristiansund. Det skal koste 4,1 milliardar kroner.

Molde nye sjukehus

NYTT SJUKEHUS: Helse Møre og Romsdal må spare ein halv milliard kroner dei neste tre åra for å få bygt nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Helse Møre og Romsdal

I sommar blei byggeprosjektet sett på vent, og ein ny anbodsrunde er i gang. Under dagens styremøte blei det kjent at prosjektleiar Helle Jensen går av familiære årsaker. Harald Hasfjord går inn som mellombels ny leiar.

Ekstra styremøte i januar

Espen Remme

RAUDE TAL: Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal er tydleg på at sparing er det einaste som gjeld for å kutte kostnader.

Foto: Terje Reite / NRK

Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, må møte til eit ekstra styremøte i januar neste år for å forklare korleis det nye strakstiltaket skal settast i verk.

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal får kritikk for å ikkje ha følgt opp tidlegare vedtak, og Remme må no bruke dei neste vekene på å prøve å få økonomien inn på rett spor.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL