Hopp til innhold

Må få grunnlag til å vurdere vegen vidare

Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard fra Arbeidarpartiet trur ei utgreiing om dei fem nordmørskommunane si framtid i Trøndelag blir ferdig i løpet av mai.

Kjell Neergaard

Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard håper utgreiinga gir mange svar, slik at kommunane har noko å vurdere vegen vidare på.

Foto: Roar Strøm / NRK

I går sa arbeidsutvalet i fellesnemnda for trøndelagsfylka at dei ønskjer ei utgreiing hjarteleg velkomen.

– Ei slik utgreiing må gi oss så mange svar som muleg, og eit så godt grunnlag for vedtak som muleg, seier Neergaard.

Han viser då til oppgåver som ligg til fylkeskommunen i dag, som til dømes samferdsel, kultur og næring.

Utgreiinga skal vise fordelar og ulemper ved å bli ein del av trøndelagsfylka, men mellom anna fordi Nord- og Sør-Trøndelag slår seg saman frå nyttår, er det område dei ikkje kan gi garantier på.

– Ein del er politikk, noko må nesten bli tru og tvil, mellom anna fordi dei to fylka sjølve må bli samde først, seier Neergaard.

Han har håp om at utgreiinga er ferdig i løpet av neste månad.

Då kan også kommunane Aure, Halsa, Kristiansund, Smøla og Surnadal ta stilling til vegen vidare.

Møte mellom Trøndelagsfylkene og fem nordmørskommuner

Representantar for dei fem kommunane har allereie hatt møter med trøndelagsfylka.

Foto: Petter Ingeberg