Hopp til innhold

Lyser ut direktørstilling

Ei av landets mest omdiskuterte stillingar blir no lyst ut. Helse Midt-Norge har ikkje hatt fast tilsett direktør sidan oktober. No skal eit rekrutteringsbyrå finne rett kandidat.

Helse Midt-Norge

Stillinga som toppleiar for Helse Midt-Norge er ledig og blir lyst ut i dag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Daniel Haga i Helse Midt-Norge

Daniel Haga har vore konstituert administrerande direktør sidan oktober, men ønskjer ikkje å stå på søkjarlista.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Det har storma rundt den konstituerte direktøren i helseføretaket dei siste månadene. Striden om plasseringa av eit nytt sjukehus har vore krevjande for alle partar, og trykker har vore stort på leiinga i Helse Midt-Norge.

Etter at den tidlegare direktøren gjekk på dagen i haust, er det Daniel Haga som har vore konstituert i stillinga, ei stillinga som har vore både synleg og omstridd. Sjølv trur Haga ikkje det vil skremme gode kandidatar frå å søkje.

– Dette hadde nok vore ein krevjande prosess uansett kven som hadde hatt denne stillinga. Så vil det kanskje vere lettare for ein ny direktør å sleppe noko av det eg har vore igjennom no.

Vil ikkje vere søkjar

Sjølv seier Haga han ikkje vil stå på lista over søkjarar. Han seier han har gjort den jobben han blei beden om å ta, men at han ikkje ønskjer å halde fram.

Det er tilsetjingsutvalet, leia av styreleiar Ola H. Strand, som har laga utlysingsteksten til direktørstillinga er. No skal eit tilsetjingsbyrå gjere den praktiske jobben med å sile søkjarar før, styret tar si avgjer i saka.

Haga trur ikkje det vil vere vanskeleg å få søkjarar.

– Eg trur nok at ein ny direktør vil vere på plass innan sommaren, seier han.

– Det er i alle fall min arbeidsplan, så får vi sjå korleis det blir.

: