Hopp til innhold

Skulen fekk beskjed om å kutte – laksemillionar kan bli redninga

Skulen må kutte nesten 10 prosent av budsjettet sitt. No får dei ei «gåvepakke» i form av eit løyve til å drive lakseoppdrett med fleire millionar i inntekter kvart år.

Kristiansund videregående skole får tillatelse til å drive lakseoppdrett

OVERVELDA: – Det er det største eg har vore på i skulesamanheng, seier rektor Marit Bjerkestrand om at dei har fått løyve til å drive med lakseoppdrett.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg trur kanskje vi las det ti gonger før vi forstod det som stod. At vi har fått innvilga undervisningsløyve for oppdrett av laks, seier rektor ved Kristiansund vidaregåande skole, Marit Bjerkestrand.

Fiskeridirektoratet har avgjort at skulen har lov til å drive med oppdrett av 780 tonn laks. Men skulen kjem ikkje til å drive anlegg sjølv, det gjer oppdrettsselskapet Nekton i Smøla.

Oppdrettsturisme

Ei gruppe turistar er på besøk hos Nekton havbruk i fjor sommar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I leige får skulen 6,5 millionar kroner frå dei kvart år dei neste ti åra, samtidig som elevane skal vere tett involvert i drifta. I tillegg bidrar staten med 6,2 millionar årleg til å drive utdanningstilbodet.

Dette er verdifulle pengar for ein fylkeseigd skule med ein utsett økonomi.

– Betyr større tryggleik

Møre og Romsdal fylkeskommune har nemleg bede skulen om å kutte meir enn 14 millionar kroner i forhold til det dei brukte i fjor.

Det er eit kutt på nesten 10 prosent. Rektor Bjerkestrand uttalte nyleg til lokalavisa Tidens Krav at «samfunnsoppdraget til skulen kan stå i fare.»

– Per no står vi i ein veldig krevjande situasjon og vi held på med å jobbe med korleis vi skal kunne halde oss til budsjettet så elevane blir minst mogleg skadelidande. Då vil dei 6,5 millionane som kjem årleg hjelpe så vi kan oppretthalde mykje av det gode tilbodet, seier Bjerkestrand.

Dei har berre visst om tildelinga sidan onsdag, så dei har ikkje begynt å sjå på korleis det vil spele inn på økonomien enno.

– Men at det umiddelbart blei opplevd som ein gåve, vi er kjempeglad for det. Det betyr større tryggleik for oss, seier Bjerkestrand.

Kristiansund videregående skole får tillatelse til å drive lakseoppdrett

Skulen og fylket brukte to år på å utarbeide søknaden, og venta 1,5 år på behandling.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

18 utdanningsløyve

Dette er ikkje den einaste skulen som har lov til å drive med oppdrett. Det er registrert eller sendt lovnad om 18 slike undervisningsløyve, dei aller fleste for fylkeskommunane som eig dei vidaregåande skulane.

Det kan vere lukrative ordningar for både skulane og selskapa som leiger løyve frå dei.

– Vi skal tilsette ein ressurs på Smøla som skal følgje elevane tett. Vi legg mykje ressursar i dette, men det unike med det er fisken, som finansierer opplegget, seier Roger Osen, dagleg leiar i Nekton.

Han seier dei ser store fordelar med å styrke utdanningstilbodet i Kristiansund, som er den nærmaste byen frå oppdrettskommunen Smøla.

– Det er veldig viktig at vi har attraktiv utdanning når har eit så stort behov for arbeidsfolk. Havbruksnæringa er kjempestor på Nordmøre, og då er det heilt naturleg at Kristiansund har eit godt utdanningstilbod. Det gagnar sjølvsagt oppdrettarane i området, men òg serviceverksemder og heile næringsklynga, seier Osen.

Kristiansund videregående skole får tillatelse til å drive lakseoppdrett

Roger Osen (t.h) er dagleg leiar i Nekton.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Klasserom ved merdkanten

For elevane som vil jobbe med oppdrett vil det bli ein heilt annan skulekvardag samanlikna med i dag, med langt meir praksis.

– Det er heilt utruleg. Eg klarer eigentleg ikkje å setje heilt ord på kor bra dette kan bli, seier Jørgen Jensen, avdelingsleiar for naturbruk og akvakultur på skulen.

Kristiansund videregående skole får tillatelse til å drive lakseoppdrett

Jørgen Jensen er avdelingsleiar på Kristiansund vidaregåande skole.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I snitt to gonger i veka skal dei bli skyssa ut til Nekton sitt anlegg utanfor Smøla, 25 minutt ut frå byen. Der har selskapet til no hatt visningsanlegg for turistar og skuleklassar. No skal dei også drifte konsesjonen skulen har fått, og legge til rette for utdanning ved merdkanten.

– Det blir omfattande bruk av lokaliteten på Smøla, så elevane får ei praktisk erfaring. Dei får kjenne på naturkreftene og får eit forhold til fisken. Dei får vere med frå settefiskfasen, fôring og til slakt. Så dei får vere med på heile verdiskapinga, seier Roger Osen.

Kristiansund videregående skole får tillatelse til å drive lakseoppdrett

Elevar som går havbruk og akvakultur på Kristiansund vidaregåande skole.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Nesten fullgode medarbeidarar

Dei satsar på å vere ordentleg i gang til hausten, dermed gjeld endringane også for dei som søker seg inn i år. Fristen for å søke vidaregåande utdanning er 1. mars.

– Dei kjem til å bli nesten fullgode medarbeidarar i løpet av dette skuleåret, som er på eit heilt anna nivå enn det vi får til i dag, seier Jørgen Jensen.

På sikt får skulen har mål om å doble talet på elevar og klassar.