Hopp til innhold

Selde fisk som ikkje eigna seg som menneskemat

I fleire år har lakseselskapet Pure Norwegian Seafood seld sjølvdauda og skada laks som menneskemat. – Alvorleg, seier Mattilsynet.

Laks frå Pure Norwegian Seafood i ei isoporkasse

Laks frå anlegget til Pure Norwegian Seafood på Averøy. No har ei intern gransking avdekt at noko av fisken som blei seld ikkje var eigna som menneskemat.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Selskapet gjennomførte sjølv ei eiga gransking etter at dei fekk mistanke om uregelmessige sider ved salet av frosen laks.

Granskinga avdekte at det i fleire år har gått føre seg sal av fisk som ikkje er eigna som menneskemat frå Averøy-selskapet Pure Norwegian Seafood (PNS)

Selde golvfisk og sjølvdauda laks

Totalt skal det dreie seg om rundt 500 tonn med laks.

– Det mest alvorlege er etter vår vurdering at granskinga avdekkjer systematisk og skjult sal av laks som ikkje skulle gått til humant konsum. Bestemte kundar har på førespurnad fått kjøpe frosen laks som er sjølvdauda, skada, kjønnsmoden eller såkalla golvfisk, seier styreleiar Helge Kvalvik i PNS i ei pressemelding.

Mattilsynet reagerer

– Vi ser svært alvorleg på saka, det seier Steinar Westerberg som er regiondirektør i region midt i Mattilsynet til NRK.

Steinar Westerberg, direktør Mattilynet

Regiondirektør i Mattilsynet i Midt-Norge, Steinar Westerberg reagerer på funna i PNS si gransking.

Foto: Mattilsynet / www.gudim.no

Granskinga viser at det har blitt seld fisk med manglar og fisk som ikkje skal gå til menneskemat.

– Begge deler er klare brot på regelverket og skal ikkje skje, seier Westerberg.

Han opplyser vidare at Mattilsynet blei varsla i november i fjor, men at dei først denne veka blei kjent med alvoret i saka då dei blei orientert om funna i granskinga.

Westerberg seier at det er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar dette kjem til å få.

Vi følgjer den opp og i første omgang ser vi på omfang og vurderer tilbaketrekking av fisk som ikkje skal gå til menneskemat.

Oppdaga av leverandør

Det var leverandøren Måsøval som oppdaga det uregelmessige. Selskapet kjøpte 65 prosent av PNS i 2021.

Styreleiar Kvalvik er også dagleg leiar i Måsøval, som også har vore leverandør av laks til slakteriet i PNS.

– Det var Måsøval, som leverandør, som først fatta mistanke. Den har styret i PNS deretter følgt opp tett, seier Kvalvik.

Ifølgje Kvalvik er det ingen indikasjonar på at nokon har fått påverka helsa si av den frosne laksen.

Har vore skjult

– Denne aktiviteten har blitt halden skjult. Verken styret i PNS, Måsøval som leverandør eller revisor har oppdaga dette før, seier Kvalvik.

To personar har vore suspendert sidan det blei fatta mistanke.

Granskinga peiker på rundt 20 moglege kundar i europeiske land, inkludert i Noreg. Det har ikkje vore mogleg å fastslå kvar sluttprodukta har enda opp.