Hopp til innhold

Elevane på akvakulturlinja syter for millioninntekter til skulen

MÅLØY (NRK): Lukrative laksekonsesjonar har gitt den vidaregåande skulen i Måløy millioninntekter dei siste tre åra. Langs heile kysten finst det skular som tenar gode pengar på oppdrett.

Måløy vgs.

UTDANNAR SEG INNAN HAVBRUK: Kristoffer Rundereim, Steffen Skoglund Bø, William Hodnefjell er elevar ved Måløy vgs.

Foto: FREQUENCY

– Det er vinn-vinn-situasjon. Vi og heile næringa i regionen har fordelar av det, seier Mona Bakke Svarstad, prosjektleiar for akvakulturutdanninga ved Måløy vidaregåane skule.

Skulen er ein av 13 skular i Noreg som er tildelt ein såkalla undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og aure.

Skulen fekk konsesjon i 2017. I dei tre åra etter har dette gitt 12,5 millionar kroner i inntekter.

Ein laksekonsesjon er eit løyve til å drive med oppdrett av laks, som skulane leiger ut til andre oppdrettarar for ein god slump pengar.

Pengane går inn i eit fond som skulen kan søke prosjektstøtte frå.

– Det står i vedtekter kva pengane skal brukast til. Dei skal gå tilbake til skulen og skal brukast til å vidareutvikle tilbodet, fortel Svarstad.

Måløy vgs

UTVIKLAR SKULEN: Prosjektleiar Mona Bakke Svarstad og avdelingsleiar Knut Olav Bjørnholm ved Måløy vgs. er ikkje i tvil om at ordninga er viktig for å kunne utvikle tilbodet ved skulen. – Det er vinn-vinn, seier Svarstad.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Lukrativ ordning

– I periodar med høge lakseprisar vil denne ordninga kunne gi betydeleg kontantstraum til aktørane i sum, og dermed stå fram som lukrativ, seier Bård Misund, professor ved Universitet i Stavanger.

Kor gunstig ordninga er for skulane sin del, kjem an på avtale dei har med oppdrettsselskapa, påpeiker han.

– Utan midlane frå undervisningskonsesjonane, ville vi ikkje hatt den same utviklinga ved havbruksskulane. Det seier Lena Søderholm, fagkoordinator i fylkeskommunen.

– Ikkje med dei økonomiske rammene som ligg i dag, det ville vi ikkje klart, seier ho.

I Måløy er dei ikkje i tvil om at midlane er viktige.

– Det gjer det enklare å få realisert ein akvahall, utvikle utdanningstilbodet og vidareutvikle kompetansen hos lærarar og elevar, seier avdelingsleiar ved skulen, Knut Olav Bjørnholm.

Ap er kritiske

E24 skreiv først om korleis undervisningskonsesjonane betyr store inntekter for mange skular og selskapa dei samarbeider med.

Undervisningskonsesjonen til Måløy vidaregåande skule gjeld produksjon opp til 780 tonn.

Marknadsverdien til ordinære konsesjonar ligg på rundt 150 millionar kroner.

Næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Terje Aasland, er kritisk til at nokre aktørar kan tene store summar gjennom ordninga.

– Det vi ser er at det blir veldig store verdiar konsentrerte om nokre skular og oppdrettarar. Vi vil ha ein gjennomgang av ordninga for å sikre at dette kjem heile undervisningssektoren til gode, seier han til NRK.

– Har tent lite

– Eg meiner heller ein burde sjå positivt på at det kjem midlar til å forbetre utdanninga, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi.

Undervisningskonsesjonen til Måløy vidaregåande skule er eigd av fylkeskommunen, og vert driven av oppdrettsselskapet Mowi.

– I den korte perioden vi har hatt konsesjonen har vi hatt ledig produksjonskapasitet, så vi har ikkje fått gjort oss nytte av den slik vi hadde tenkt. Men vi håpar etter kvart vi skal tene pengar på den.

Mowi betaler ut ei fast leigeinntekt, og ein variabel del etter korleis det går i marknaden.

Taket å kva skulen får utbetalt er sett til 5,75 millionar kroner årleg, og skal vere eit insentiv for oppdrettar til å gå inn i avtalen.

– Hittil har vi tent veldig lite, seier Hasund.

Mowi-anlegg

Konsesjonane må fornyast kvart tiande år. Korleis verdiane blir fordelte mellom skule og selskapet dei har samarbeider med, blir avtalt i privatrettslege avtaler mellom partane, som i utgangspunktet er skjult for offentleg innsyn.

Foto: Benedikte Grov / NRK