NRK Meny
Normal

– Trua med å stoppe losen fysisk om han ville om bord i det russiske skipet

Blokkadevaktene hindra i formiddag losen i å gå om bord i det russiske skipet som ligg i blokade i Kristiansund. Sjømannsorganisasjonane arbeider for å få til tariffavtale for mannskapet.

Båtblokkade

Truls M. Vik Steder frå Norsk Sjøoffiserforbund legg handa på skuldra til den raudkledde losen. Han gav klar beskjed om at han kom til å bruke fysisk makt om losen forsøkte å gå om bord.

Foto: Roar Halten / NRK

Siste: Skipet har forlate Kristiansund utan los. Sjømannsorganisasjonane meiner at skipet dermed har brote losplikta og seglar i strid med norsk lov.

Sjømannsorganisasjonane har meldt saka inn for Kystverket, og vonar at Kystvakta stoppar skipet.

Det russiske skipet kom til Kristiansund fredag. Representantar frå sjømannsorganisasjonane blei nekta adgang til skipet, og sjømannsorganisasjonane valde å blokkere skipet.

Kapteinen har denne veka gjort fleire forsøk på å forlate hamna i Kristiansund. Så langt har blokaden vore effektiv, og skipet ligg framleis ved kai.

Kapteinen filma alt

Onsdag formiddag skjedde det mest dramatiske opptrinnen. Losen kom, leiaren for blokkadevaktane la handa på skuldra til losen, og sa klart ifrå at dei fysisk ville hindre han om han forsøkte å gå om bord. Under heile opptrinnet filma kapteinen på det russiske skipet det som skjedde.

– Kapteinen filmar alt. Eg veit ikkje kor interessant det er dette skulle vere å filme, kommenterte Truls M. Vik Steder i Norsk Sjøoffiserforbund mens det framleis var nokolunde roleg på kaia.

Kapteinen

Kapteinen filma alt som skjedde på kaien.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi vil bruke fysisk makt

Brått hadde kapteinen kome på land. Etter kvart kryssa han kaien, og tok oppstilling ved porten inn til kaiområdet. NRK sin representant på staden blei bryskt vifta vekk då han nærma seg med kamera.

Ved porten blei kapteinen ståande og vente på losen. På kaien gav Truls M. Vik Steder dei andre frå sjømannsorganisasjonane beskjed om korleis dei skulle takle situasjonen.

Vi tek oppstilling ved landgangen. Vi skal gjere losen fullstendig klar over at vi kjem til å bruke fysisk makt for å halde han tilbake om det trengst. Vi kjem til å bruke alle middel for å stoppe losen, sa Vik Steder til blokkadevaktene.

– Bandittane stoppar oss

Etter kvart kom losen. Den russiske kapteinen møtte han ved porten. Samstundes hadde 7 blokadevakter teke oppstilling ved landgangen. I masta på skipet hang signalflagget som gjev beskjed om at skipet treng los.

– Hallo, god dag, sa kapteinen då losen kom. Og han heldt fram: Herr los. Desse bandittane gjev oss ikkje løyve til å segle, sa han og fekta ein arm inn i NRK-medarbeidaren sitt kamera.

– Men om dei nektar meg å gå om bord, då kan eg ikkje gjere det, forklarte losen overfor kapteinen.

Stoppa losen

Kapteinen heldt fram filminga og førte losen fram mot skipet. Der stod blokkadevaktene klare.

Vi er blokadevakter, og vi kjem faktisk fysisk til å halde deg tilbake frå å gå om bord i skipet. Eg vonar du skjønar dette, i solidaritet med mannskapet, forklarte Vik Steder då losen kom til landgangen.

– De kjem altså fysisk til å halde meg attende, spurte losen.

– Ja, vår intensjon er å få oppretta ein tariffavtale for mannskapet, forklarte Vik Steder.

Losen fekk så sjå dokument som ifølgje blokkadevaktene skal vise kva situasjon mannskapet er i. Dermed valde losen å gå frå staden.

– Situasjonen er som den er og då vert det slik. Vi tek ikkje del i noko side av ei slik sak, var den korte kommentaren frå losen i det han forlet staden.

Men det er ein rar dag å vere på jobb?

Ja, nei, dette er ikkje kvardagskost, sa losen.

Tidleg onsdag ettermiddag ligg skipet framleis i Kristiansund. Det er ikkje kjent kva planar kapteinen har for å få skipet ut av hamna. Sjømannsorganisasjonane aksjonerte etter at eit indonesisk besetningsmedlem kontakta dei med opplysningar om tilhøva på skipet.