Hopp til innhold

Vaktar over russisk fraktebåt døgnet rundt for å hindre at den drar

Fagforbunda i Kristiansund nektar å la ein russiskeigd fraktebåt forlate kaia før dei tilsette får tariffavtale. Eigarane på si side har bede om at losen må få politibeskyttelse.

Fagforeningene vil ha døgnvakt over den russiske fraktebåten i Kristiansund. De nekter båten å legge fra kai før de ansatte får tariffavtale

Heile døgnet er det vakthald på kaia for å hindre at losen kjem seg om bord og hjelper båten frå kai.

Maritime fagforbund i Kristiansund har gått til kamp mot den russiske fraktebåten Reina som la til kai fredag. Mannskapet om bord i båten skal ikkje ha tariffavtale, og fagforbunda nektar båten å legge frå kaia før ein slik avtale er på plass. I går kveld stod dei vakt på kaia og hindra losen å gå om bord.

– Vi kjem til å mobilisere mykje folk, slik at vi held vakt på kaia heile døgeret, seier Rune Larsen. Han er inspektør i Norsk Sjømannsforbund.

Trudde på forhandlingar

I natt avslutta dei vakthaldet og trudde at det snart skulle bli forhandlingar. Men klokka halv tre i natt fekk dei tips om at kapteinen hadde bestilt ny los. Også denne losen vart stoppa frå å gå om bord.

Så tilspissa har konflikten i Kristiansund blitt at LO ber om hjelp til vakthald frå både Transportarbeiderforbundet og Sjømannsforbundet.

Søksmål frå eigaren

Også frå eigarsida har konflikten hardna til. Dei har hyra inn advokat er hyra og etter det NRK forstår vert det no jobba med eit søksmål. Båtens advokat ynskjer ikkje å kommenter saka. Men politiet stadfestar at eigarane har bedt om politieskorte for losen, slik at han skal kome seg forbi blokkadevaktene og lose båten frå kaia.

– Båten kan ligge på ubestemt tid dersom dei ikkje skriv under avtalen, seier Truls Vik Steder, som er inspektør i IFT.

Båten har 2000 tonn fisk i lasterommet som skal vidare til Nederland.